Remove ads
underklasse av virus From Wikipedia, the free encyclopedia
RNA-virus er virus som nyttar RNA som arvestoff.[1] Dei nyttar organismar frå alle dei biologiske rika som vertar.[2] RNA-virus kan vera både dobbelttråda og enkelttråda. Dei enkelttråda RNA-virusa kan ha både positiv og negativ RNA-polaritet.[3] RNA-virus er den vanlegaste klassen av virus som valdar sjukdom hjå menneske.[4] RNA-virus har småe og tette genom.[1]
RNA-virus nyttar RNA-avhengig RNA-polymerase eller revers transkriptase til å kopiera genoma sine. Desse enzyma saknar korrekturlesing, og mutasjonar i genoma til RNA-virus vert slik lettare førte vidare. Dette fører til at RNA-virus utviklar seg mykje snøggare enn dobbelttråda DNA-virus, som nyttar DNA-polymerasar som kan byta ut range basar i det nye DNA-molekylet. Av ein ukjend grunn utviklar derimot enkelttråda DNA-virus seg like snøgt som RNA-virus, sjølv om dei nyttar DNA-polymerasar frå verten.[4]
Enkelttråda RNA-virus har ulike måtar å øksla seg på avhengig av polaritet. Dei med positiv polaritet kan setja om RNA-molekylet sitt direkte til protein, medan dei med negativ polaritet fyrst lyt skriva det av til bodberar-RNA før dei kan setja det om til protein.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.