Asia
verdsdel som dekker størsteparten av kontinentet Eurasia From Wikipedia, the free encyclopedia
Asia er verdsdelen med det største folketalet og den største flatevidda, og utgjer brorparten av det eurasiske kontinentet. Han møter Stillehavet i aust og Europa i vest, med ei grense ein ofte dreg gjennom Uralfjella, Kaspihavet, Kaukasus, Svartehavet, Bosporos, Marmarahavet og Dardanellane. Ved Suezkanalen grensar Asia til Afrika.


Historie
Asia har ein svært lang kulturhistorie. Ein finn mange av verdas eldste sivilisasjonar her, som langs elvene Indus i India, Yangtze i Kina, og Eufrat og Tigris i Mesopotamia. Fleire av desse utvikla tidleg skriftsystem, og difor har fleire land ein mykje lengre nedskriven historie enn land andre stader i verda, til dømes Noreg.
Religion
Alle dei store verdsreligionane kjem faktisk frå Asia. Hinduismen og buddhismen utvikla seg i India, medan jødedommen, kristendommen og islam blei til i Midtausten. Religionsmangfaldet i verdsdelen er likevel (eller på grunn av dette) stort. Her finst mange sjamanistiske tradisjonar og mindre religionar, som sikhisme og djainisme.
Sjølvstendige land
Sentralasia
Aust-AsiaØystatarSøraust-Asia |
Sør-AsiaVest-Asia |
Uavhengige territorium
- Det britiske territoriet i Indiahavet (Storbritannia)
- Akrotiri og Dhekelia på Kypros (Storbritannia)
- Hong Kong (Folkerepublikken Kina)
- Macao (Folkerepublikken Kina)
- Tibet - okkupert av Folkerepublikken Kina
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.