Appelsin

From Wikipedia, the free encyclopedia

Appelsin

Appelsin (Citrus sinesis) er ei rund og oransje sitrusfrukt med tjukt skal som kan etast rå eller pressast til jus. Appelsintreet stammar frå Kina. Planten vert i dag dyrka i varme land over heile verda, og dei største produsentane er Brasil, USA, Mexico, Spania og India.[1]

Kjappe fakta
Appelsintre
Thumb
Appelsintre
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Sapindales
Familie: Rutaceae
Underfamilie: Aurantioideae
Stamme: Citreae
Slekt: Sitrusfrukt Citrus
Art: Appelsintre C. ×sinensis
Vitskapleg namn
Citrus ×sinensis
Lukk

Skildring

Appelsintreet høyrer til rutefamilien. Treet kan bli 12 meter høgt.[1] Det har lêraktige, elliptiske blad og nokre tornar. Treet er eviggrønt og det blomstrar heile året. Blomane er kvite og kan ha ein diameter på opptil 4 cm.[1] Appelsinfrukta er eit fleirromma aromatisk bær. Romma i bæret, kjende som appelsinbåtar, er fylt av eit saftig fruktkjøt som er danna av saftfylte hår.[1] Frukta har eit tjukt, seigt skal som er prikkete av kjertlar som inneheld eterisk olje.[1]

Varietetar

Thumb
Oppskoren gul appelsin og blodappelsin.

Det finst fleire varietetar av appelsina. Nokre har gult fruktkjøt medan andre har raudt.[1]

Nokre appelsinsortar med gult fruktkjøtt er 'Valencia Late', 'Shamouti' og 'Salustiana'. Navelappelsin har ein ekstra krans av fruktblad som gjer at kvar frukt dannar ei ekstra lita frukt som ein «navle», til dømes sortane 'Navel' og 'Navelina'.[1] Varietetar med raudt fruktkjøt blir kalla blodappelsin, C. sinensis var. sanguinea. Nokre døme på blodappelsinsortar er 'Sanguina', 'Sanguinella' og 'Moro'.[1]

Opphav

Appelsintreet stammar frå tropisk Asia og har vore dyrka i Kina i fleire tusen år.[1] Det kom til Europa rundt 1500, og har sidan vore mykje dyrka i middelhavslanda.[1] Appelsin er også blitt innført til Amerika, og er særleg mykje dyrka i Florida og California i tillegg til i Latin-Amerika. Det blir også dyrka mykje appelsin i Sør-Afrika.[1]

Namn

Namnet «appelsin» tyder 'kinesisk eple'. Dette namnet kjem frå folkeleg nederlandsk appelsien (standard nederlandsk sinaasappel) og blir bruka på dansk, norsk, svensk (apelsin), islandsk (appelsína), russisk (apelsin) og på finsk (appelsiini). På norsk kan ordet ha alle tre genera (hankjønn, hokjønn eller inkjekjønn), avhengig av dialekt.

Thumb
Appelsinjus og appelsiner.

Bruk

Appelsinar inneheld mykje C-vitamin.[1] I tillegg til å etast og pressast, kan appelsina òg brukast i matlaging. Apsikat er laga av appelsinskal.

Det er for det meste fruktene som vert brukt, men det er mogleg å laga te av blomstrane. Dei kan òg kokast og brukast i mat.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.