Nordens appelsin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nordens appelsin er eit kallenamn på ulike plantedelar som veks i Norden og kan etast.

I Noreg viser omgrepet helst til kålrot. Denne rotfrukta inneheld mykje C-vitamin, nett som appelsin. Kokt kålrot kan også ha same oransje farge som appelsin. Kålrot kan dyrkast over størsteparten av Noreg, og oppbevarast slik at ho er tilgjengeleg heile året. I Sør-Europa, der det veks appelsinar, er frukta derimot ganske ukjent. Kålrot var viktig som «Nordens appelsin» under 2. verdskrigen, då det ikkje var råd å få tak i appelsinar i Noreg, og folk i staden måtte ty til kålrot for å dekkja trongen for C-vitamin.

På dansk blir også tindved omtalt som Nordens appelsin. Tindved har små, oransje bær som kan etast og også er rike på C-vitamin.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads