kommune i Vestland fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Ullensvang kommune er ein kommune i Hardanger i Vestland fylke. Han vart oppretta 1. januar 2020 ved samanslåinga av Ullensvang herad, Odda kommune og Jondal kommune.
Treng oppdatering |
Ullensvang herad | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Odda | ||
Areal | 3 236,63 km² | ||
• land | 2 976,89 km² | ||
• vatn | 259,74 km² | ||
Folketal | 11 017 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Roald Aga Haug (Ap) | ||
Kommunenr. | 4618 | ||
Ullensvang kommune 60.066666666667°N 6.55°E | |||
Kart som viser Ullensvang kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Ullensvang | |||
Nettstad: www.ullensvang.kommune.no | |||
Heradet grensar i nord mot Granvin herad og Ulvik herad, i nord og aust mot Eidfjord kommune, i aust mot Vinje kommune, i sør mot Suldal og Sauda kommunar og i vest mot Etne og Kvinnherad kommunar. Vest for Hardangerfjorden ligg Kvam herad. Lokalavisa Hardanger Folkeblad («Folkablae»), som kjem ut i Odda, dekkjer Ullensvang herad.
Heradet ligg på båe sider av Sørfjorden i Hardanger, på sør- og nordsida av Utnefjorden, på vestsida av indre Samlafjorden, på vest- og austsida av den sørlege delen av Eidfjorden. Langs Samlafjorden ligg gardane Litlås og Storås, Kvalvik, Alsåker, Vines, Lote og Hesthamar. På sørsida av Utnefjorden ligg Utne, på nordsida Tjoflot og Ulgenes. På vestsida av Eidfjorden ligg Kaland og Djønno, på austsida Ytre Bu og Ringøy. Nordaust for innlaupet til Sørfjorden ligg Kinsarvik. På austsida av Sørfjorden ligg Urheim, Lutro, Lofthus, Opedal, Børve, Sekse, Hovland, Espe og Fresvik. På vestsida av Sørfjorden, nordover frå Odda mot Utne ligg Kvitno, Eikhamrane, Måge, Bleie, Reidsete, Vikebygd, Nå, Rogdo, Aga, Velure, Jåstad, Haustveit, Hauso, Grimo, Langasete og Trones.
Nordre snutten av Folgefonna ligg i heradet. Mykje av vestsida av Hardangervidda utgjer størstedelen av arealet til heradet og over 80 % av arealet i Ullensvang ligg 900 meter eller meir over havet.
Det høgaste punktet i Ullensvang er Hårteigen, 1690 m.o.h.
Kommunen heitte fram til 1870 Kinsarvik, då skifta kommunen namn til Ullensvang. I 1913 vart så Ullensvang delt i tre, Odda, Ullensvang og Kinsarvik. I 1964 vart Ullensvang slege saman med Åsgrenda frå Kvam herad, Eidfjord kommune og Kinsarvik herad med unntak av Kvanndalsområdet på nordvestsida av Hardangerfjorden. Eidfjord vart skild ut att som eigen kommune i 1977. I 2020 vart Ullensvang herad og Odda og Jondal kommunar slegne saman og heldt på namnet Ullensvang.
I tiårsperioden 1996–2006 gjekk folkemengda i Ullensvang tilbake med 10,4 % mot 7,3 % i Hardanger som heilskap.
Folketalsutvikling for noverande Ullensvang kommune frå 1920:
Heradet er kjend for jordbruk og fruktdyrking, og for fruktbløminga om våren. Mange av gardbrukarane driv med ein kombinasjon av fruktdyrking og sauehald. Det meste av jordbruks- og skogbruksarealet er brattlendt, ofte svært brattlendt. Turisme er den andre viktige næringsvegen.
I Ullensvang ligg 6 barne- og ungdomsskular: Kinsarvik Skule, Opedal Skule, Sekse Oppvekstsenter, Vikebygd skule, Vines skule og Hauso skule. Det finst ikkje vidaregåande skule i Ullensvang, dei næraste ligg i Odda, Kvam og Voss.
Heradsstyret har gjort vedtak om fleire tusenårsstader i Ullensvang, men ein hovudplass, som er Utne sentrum. Sentrum og kaiområdet har vorte opprusta, og markeringa av tusenårsstaden, ein skulptur, har vorte reist. Skulpturen er utforma av kunstnaren Ingunn van Etten og står på kaia. Han vart avduka sommaren 2007.
Ullensvang har dei siste åra fått fleire årlege festivalar:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.