From Wikipedia, the free encyclopedia
Marit Eikemo (fødd 6. april 1971 i Odda) er ein norsk forfattar og kulturarbeidar.
Marit Eikemo | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. april 1971 (53 år) Odda |
Yrke | forfattar, redaktør, teatersjef, kommunikasjonsrådgiver |
Periode | 1999- |
Debut | Her, no. Møte med unge menneske |
Ho er utdanna cand.mag. og har jobba som journalist i Bergens Tidende, redaktør av Syn og Segn saman med Hilde Sandvik (2002–2006), og som informasjonssjef for Festspela i Bergen (2006–2009). Sidan 2009 har ho vore leiar for festivalen Litteratursymposiet i Odda.[1] Ho er busett i Bergen.
Den fyrste boka Eikemo gav ut – Her, no. Møte med unge menneske (1999) – var ei reportasjebok der Eirik Brekke og Oddleiv Apneseth stod for fotografia. Vidare kom romanen Mellom oss sagt (2006), som handlar om kravet samtida har om sjølvrealisering og det å høyre til i ein fellesskap, og kva for konsekvensar dette kan få. Samtidsruinar (2008) er ei essaysamling der ho tek utgangspunkt i moderne, men forfalne bygg og anlegg, og brukar desse til å reflektere over korleis det står til med det moderne Noreg. Boka vart kåra til Årets nynorskbok 2008 av Dag og Tid-lesarane.[2] Romanen Arbeid pågår frå 2009 handlar om ein norsk Ibsen-forskar som i ein periode søkjer arbeidsro i Costa Blanca i Spania. Halvt motvillig vert han dregen inn i det norske miljøet der, og ho lèt igjen lesarane kjenne på ynsket om å høyre til ein fellesskap.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.