Kvam herad er ein kommune i Hardanger i Vestland fylke. Kommunen grensar i nord mot Vaksdal, i nord og aust mot Voss i sør mot Kvinnherad, og i vest mot Bjørnafjorden og Samnanger. I aust ligg Hardangerfjorden og på austsida av fjorden ligg Ullensvang.
Kvam herad | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Norheimsund | ||
Areal | 617 km² | ||
• land | 582 km² | ||
• vatn | 35 km² | ||
Folketal | 8 496 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Torgeir Næss (Ap) | ||
Kommunenr. | 4622 | ||
Kvam herad 60.37°N 6.1438888888889°E | |||
Kart som viser Kvam herad.
| |||
Wikimedia Commons: Kvam | |||
Nettstad: www.kvam.kommune.no | |||
Kvam ligg om lag ein times køyring frå Bergen. Kommunen har tre tettstadar: Norheimsund, Øystese og Ålvik og mange mindre bygder, mellom anna Strandebarm, Fykse, Innstranda, Mundheim, Omastrand, Steinsdalen, Tørvikbygd og Vikøy. Fjellplatået mot Bergen vert kalla Kvamskogen og er ein populær utfartsstad for bergensarar og andre hordalendingar. På Kvamskogen er det kring 1500 hytter, 16 skitrekk og 50 km langrennsløyper.
Kvam er ein av dei få kommunane i landet som nyttar nemninga «herad» i staden for «kommune». Ein person som kjem frå Kvam herad vert gjerne kalla ein kvemming.
Historie
Namnet «Kvam» kjem av gamalnorsk Hvammr, som tyder '(liten) dal'. Truleg gjeld dette Steinsdalen som strekkjer seg vestover frå Norheimsund. Vikøy kyrkjesogn vart til Vigør herred 1. januar 1838, omdøypt til Kvam Herad i 1912. 1. januar 1882 vart garden Kjepso flytt til Kvam frå Ullensvang, og delar av Strandebarm vart lagt til 1. januar 1965.
Historisk innbyggjartal
År | 1769 | 1801 | 1815 | 1825 | 1835 | 1845 | 1855 | 1865 | 1875 | 1890 | 1900 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Innbyggjartal | 2.507 | 2.929 | 3.049 | 3.437 | 3.912 | 4.246 | 4.558 | 5.002 | 5.360 | 5.642 | 5.977 |
År | 1910 | 1920 | 1930 | 1946 | 1950 | 1960 | 1970 | 1980 | 1990 | 2001 | 2006 |
innbyggjartal | 5.961 | 6.434 | 6.628 | 7.699 | 7.952 | 8.939 | 8.839 | 8.752 | 8.700 | 8.511 | 8.306 |
Tusenårsstad
Tusenårsstaden i Hordaland, kunsthuset Kabuso, ligg i Øystese
Politikk
Kommunestyret har 27 representantar. I perioden 2019-2023 er åtte parti representerte:[1]
- Senterpartiet 8 mandat
- Høgre 2 mandat
- Arbeidarpartiet 6 mandat
- Kristeleg Folkeparti 3 mandat
- Miljøpartiet De grønne 2 mandat
- Framstegspartiet 4 mandat
- Raudt 1 mandat
- Sosialistisk Venstreparti 1 mandat
Torgeir Næss (Ap) er ordførar i perioden.
Næringslivet i Kvam
Dei største arbeidsplassane i Kvam er smelteverket Elkem Bjølvefossen og skipsverftet Fjellstrand. Dernest fins ei lang rekkje av mekaniske verkstadar, transport- anlegg- og bygningsverksemder, møbelindustri og reiseliv. Jordbruk, skogbruk og fruktdyrking, fiske og fiskeoppdrett er og framleis viktige næringsvegar i Kvam.
Elver, fjorder, fjell og vatn i Kvam
- Bjølsegrøvvatnet, som la grunnlaget for kraftutbygginga i Ålvik tidlig på 1900 talet.
- Fuglafjell 1336 moh, det høgste fjellet i Kvam.
- Steinsdalsfossen, fossen du kan gå bak. Den mest kjende turistattraksjonen i Kvam.
- Krokavatn
- Hamlagrøvatnet ligg og delvis i Kvam.
Kjende personar med tilknyting til Kvam
- Frode Aga, kokk
- Gunnar Aksnes, professor i organisk kjemi
- Kaare Aksnes, professor i teoretisk astrofysikk
- Isak Nilsson Botnen, felebyggar
- Mons Breidvik, målar
- Geir Botnen, pianist
- Torgeir Børven, fotballspiller
- Jon Fosse, forfattar
- Per Øyvind Heradstveit, journalist
- Valgerd Svarstad Haugland, politikar og tidlegare statsråd
- Arne Johannessen, tidlegare forbundsleiar i Politiets Fellesforbund
- Jørgen Kildahl, konserndirektør i tyske E.On, eit av verdas største energiselskap
- Hans E. Kinck, forfattar
- Frank Kjosås, skodespelar
- Nils Gunnar Lie, journalist og programleiar
- Torkel Lillefosse, botanikar
- Svanhild Mundheim, hallodame i NRK
- Peter Munheim, lyrikar
- Hildegun Riise, skodespelar
- Svein Rosseland, astrofysikar
- Johannes Nilssøn Skaar, biskop
- Pål Sundvor, forfattar
- Yngve Sundvor, regissør
- Geirr Tveitt, komponist
- Eirik Ulltang, syklist
- Heidi Marie Vestrheim, musikar og programleiar i NRK
- Sigmund Vestrheim, trommeslager i Boy Pablo
- Ingebrigt Vik, bilethoggar
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.