From Wikipedia, the free encyclopedia
Mons Breidvik (15. januar 1881–15. august 1950) var ein teiknar, målar og bokkunstnar frå Brekke i Gulen kommune. Han var busett i Norheimsund i Kvam kommune i Hardanger delar av livet.
Mons Breidvik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. januar 1881 |
Død |
15. august 1950 (69 år) |
Yrke | kunstmålar |
Mons Breidvik var odelsgut på heimgarden på Brekke, men sa frå seg garden og ville utdanna seg innan kunst i staden. Vinteren 1897-98 gjekk Breivik på Framnes ungdomsskule (folkehøgskule). Der møtte han Anna Heradstveit frå Kvam, som han gifte seg med i 1905 og fekk seks born med. Kunstnarparet budde i Breidvik i Gulen i åra 1905-07, på Heradstveit i Kvam 1907-10 og frå 1910 på kunstnarbustaden Fosslid som Breidvik sjølv fekk bygt i nærleiken av Vikøy kyrkje. Anna døydde i barselseng i 1914. Etter dette hadde Mons Breidvik tre ekteskap.
Breidvik fekk utdanning av både Harriet Backer og Erik Werenskiold, og særleg Werenskiold var til stor inspirasjon for han. Han studerte også i Tyskland og Italia.
I 1915 debuterte han på Statens haustutstilling, der han skulle koma til å delta 11 gonger. Etter kvart stifta han også venskap med kunstnarane Olav Rusti, Bernt Tunold og Nikolai Astrup. Han vart kjend for å måla gode portrett og teikningar av badande småborn.
I åra 1925 - 1936 var han busett i Sambandsstatane. Han deltok på hundreårsfeiringa av utvandringa, og under ei markering i Minnesota der president Calvin Coolidge heldt tale, teikna Breidvik presidenten. Han utsmykte også fleire bygningar i New York, m.a. Grace Episcopal Church på Long Island og Straubenmuller Textile High School. Utsmykkingsarbeida han gjorde i USA er dei største han utretta.
Av kyrkjeutsmykningane hans i Noreg kan nemnast altertavla i Hersvik kyrkje i Solund i 1920 og Brekke kyrkje i heimbygda Brekke i 1930-åra. Han illustrerte også ei rad bøker og laga teikningar for barneblad.
Breidvik var ein forkjempar for norsk språk, bunadsskikk og for Vestlandet sin plass i den norske kunstscena. Han ynskte seg eit eige vestnorsk kunstakademi som motvekt til akademiet i Oslo. Sjølv fekk han ikkje sjå denne draumen oppfylt, men Vestlandets Kunstakademi, som no heiter Kunsthøgskolen i Bergen, vart skipa i 1973.
Mons Breidvik døydde i 1950 og er gravlagt på kyrkjegarden ved Vikøy kyrkje. Verka hans er i dag representert i Nasjonalgalleriet, og han er innkjøpt til Metropolitan Museum of Art i New York. Reidar Storaas gav ut ein biografi om han i år 2000, som fekk namnet Vestlandskunstnaren Mons Breidvik. Boka kom ut på Selja Forlag.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.