Heradstveit
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Heradstveit er ein gard i Kvam herad i Hardanger. Garden ligg på om lag 250 moh. mellom Vikøy og Tørvikbygd ved vestsida av Hardangerfjorden,[1] og har vore i drift sidan 1600-talet. Gardshuset er i dag modernisert og gjort om til overnattingshus for turistar.[2] I tillegg er her utmarksdrift og sagbruk.[3] Kunstmålaren Mons Breidvik (1881-1950) var ei tid busett på Heradstveit.
Ifylgje bøkene til Halldor O. Opedal var Heradstveit eit gamalt skilje mellom å-lyd og ao-lyd i Hardanger. Innanfor Heradstveit, mot Norheimsund og lenger inn i Hardanger, sa ein ao for å i ord som båt, blå og grå. Utanfor Heradstveit uttalte ein desse orda med å-lyd utan diftong.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.