Øystese er ein tettstad og eit sokn ved Hardangerfjorden i Kvam herad, om lag 7 km aust for Norheimsund. Fylkesveg 7 går gjennom bygda.
Øystese | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kvam | ||
Areal | 0 km² | ||
Folketal | 0 (2023) | ||
Folketettleik | Divisjon med null / km² | ||
Postnummer | 5604 ØYSTESE | ||
Preposisjon | i Øystese | ||
Øystese 60.388055555556°N 6.1925°E | |||
Wikimedia Commons: Øystese, Kvam | |||
Kultur
I Øystese ligg skulpturmuseet etter bilethoggaren Ingebrigt Vik, og kunst- og konserthallen Kabuso som er tusenårsstadi Hordaland.
Natur og friluftsliv
Fire kilometer nord for tettstaden ligg Skårsvatnet med fem fiskeartar: Gullvederbuk, karuss, aure, ål og trepigga stingsild. Vatnet har ei flatevidde på 82 dekar og ligg 113 meter over havet. Gullvederbuk og karuss vart utsett i vatnet i 1914,[treng kjelde] og førstnemnde har gjort Skårsvatnet kjent som "Gullfiskvatnet".
Øystese tettstad
Folketalsutvikling i Øystese tettstad | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1920 | 100 | |||
1930 | 109 | |||
1946 | 271 | |||
1950 | 233 | |||
1960 | 982 | |||
1970 | 1 459 | |||
1980 | 1 641 | |||
1990 | 1 483 | |||
2000 | 1 626 | |||
2009 | 1 758 | |||
2012 | 1 881 | |||
Kjelder: |
Øystese sokn
Øystese sokn har om lag 2 750 (2013) innbyggjarar og femnar om dels sjølve tettstaden med omgjevand, dels bygdene runt Fyksesund, og i tillegg Kvamsøy ute i Hardangerfjorden. Tidlegare høyrde også Ålvik til Øystese, men det er i dag eit eige sokn.
Kjende personar frå Øystese
- Ingebrigt Vik - bilethoggar
- Johannes Lofthus - skulemann
- Nils Gunnar Lie - journalist
- Knut Hjeltnes - diskoskastar
- Arne Johannessen - leiar Politiets Fellesforbund
- Torstein Lofthus - trommeslagar
- Frank Kjosås - skodespelar
- Heidi Marie Vestrheim - musikar og programleiar
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.