From Wikipedia, the free encyclopedia
«The Trooper» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han vart gjeven ut 20. juni 1983 som den andre singelen frå albumet Piece of Mind (1983). Det var ein av få songar av bandet som vart mykje spelt på radio i USA, og nådde 28. plassen på US Mainstream Rock-lista.[1] Han vart òg ein suksess i Storbritannia der han nådde 12. plassen på UK Singles Charts, der han vart teken betre i mot enn den førre singelen, «Flight of Icarus».[2]
The Trooper Singel av Iron Maiden frå albumet Piece of Mind | ||
B-side |
1983 | |
---|---|---|
Utgjeve | 20. juni 1983 15. august 2005 | |
Innspelt | 1983 24 November 2003 | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 4:11 | |
Selskap | EMI | |
Låtskrivar(ar) | Steve Harris | |
Produsent | Martin Birch | |
Iron Maiden-kronologi | ||
«Flight of Icarus» (1983) |
The Trooper | «2 Minutes to Midnight» (1984) |
-kronologi | ||
«The Number of the Beast» (2005) |
The Trooper | «The Reincarnation of Benjamin Breeg» (2006)
|
Eit konsertopptak av songen frå Death on the Road, vart gjeve ut på singel i 2005.
Songen var skriven av bassisten Steve Harris og er basert på Charge of the Light Brigade i slaget ved Balaclava 1854, som fann stad under Krimkrigen,[2] og inspirerte til Lord Tennyson-diktet med same namn.[3] Songen har blitt mykje lovprisa sidan han kom ut, og AllMusic har skildra han som «ein sjangerklassikar som med eit av dei mest minnerike gitarriffa til gitaristane Dave Murray og Adrian Smith, i tillegg til den kjende, galopperande rytmen,»[4] medan Mick Wall skreiv at songen «er den songen flest Maiden-fans frå dei dagane hugsar når du nemner albumet Piece of Mind».[5] Trass i populariteten til songen, var det B-sida ein versjon av Jethro Tull-songen «Cross-Eyed Mary», som vart mest spelt på amerikansk radio.[6]
Musikkvideoen til singelen syner klipp frå eit kavalerislag frå filmen The Charge of the Light Brigade frå 1936, med Errol Flynn og Olivia de Havilland,[7] som BBC nekta å spele uredigert, sidan dei rekna klippa som for valdelege.[2] Mangeren til bandet, Rod Smallwood, har sidan kritisert avgjersla og sa «Var det nokon som trudde me ville drepe hestane sjølv i staden for å bruke ein gammal Errol Flynn-film».[2]
Songen vart ofte spelt på konsertane deira, og vokalisten Bruce Dickinson har aldri vifta med det britiske flagget under framførigna, og ofte hatt på seg ein raud uniform, som soldatane hadde på seg under slaget som songen er basert på.[8] Under ein konsert i Dublin i 2003 bua det irske publikum då Dickinson vifta med flagget.[9]
Den 15. august 2005 vart eit konsertopptak av songen gjeve ut frå det komande konsertalbumet Death on the Road.[10]
Den 24. april 2016, under dei første konsertane deira i Beijing i Kina brukte ikkje Bruce Dickinson flagget under framføringa av songen, men gjorde det to dagar seinare i Shanghai i Kina.
Songen finst på fleire hyllestalbum til Iron Mainde, som A Call To Irons: A Tribute To Iron Maiden,[11] Numbers from the Beast,[12] A Tribute to the Beast[13] og Maiden Heaven: A Tribute to Iron Maiden,[14] i tillegg til på plater av hyllestband som Maiden uniteD (Mind the Acoustic Pieces)[15] og The Iron Maidens (The Iron Maidens: World's Only Female Tribute to Iron Maiden).[16] I tillegg vart songen gjeven ut av Sentenced på The Trooper-EPen (1994),[17] Hellsongs på Hymns in the Key of 666 (2008),[18] Thumper på Metalliska,[19] Highland Glory som bonusspor på Forever Endeavour (2005),[20] Radio Cult på Grooves From The Grave (2008),[21] Stryper på The Covering,[22] Iced Earth på turnéutgåva av albumet Dystopia i 2011,[23] og 2Cellos i 2015 på albumet Celloverse.[24]
Songen er blitt nytta i videospela Guitar Hero 2, Carmageddon 2, Guitar Hero: Smash Hits og Rock Band,[25][26] og er nemnt i romanen World War Z av Max Brooks. Songen er i kjenningsmelodi for dokumentarserien Metal Evolution.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Trooper» | Steve Harris | 4:10 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Cross-Eyed Mary» (Jethro Tull-song) | Ian Anderson | 3:52 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Trooper» (live frå Westfalenhalle Arena i Dortmund i Tyskland, 24. november 2003) | Harris | 4:13 |
2. | «The Trooper» | Harris | 4:12 |
3. | «Prowler» (live frå Egilshöllin i Reykjavík på Island, 7. juni 2005) | Harris | 4:24 |
4. | «The Trooper» (VIDEO - live i Westfallenhalle Arena i Dortmund) | Harris | 4:12 |
5. | «The Trooper» (VIDEO - original video) | Harris | 4:10 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Trooper» (live frå Westfallenhalle Arena) | Harris | 4:13 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Another Life» (live frå Egilshollin i Reykjavík) | Harris | 3:43 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Trooper» (live frå Westfallenhalle Arena i Dortmund) | Harris | 4:13 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Trooper» | Harris | 4:12 |
2. | «Murders in the Rue Morgue» (live frå Egilshollin i Reykjavík) | Harris | 3:33 |
Frå singelomslaget:[27]
Singel | Liste (1983) | Plassering\ | Album |
---|---|---|---|
«The Trooper» | Irish Singles Chart | 12[28] | Piece of Mind |
UK Singles Chart | 12[29] | ||
Singel | Liste (1990) | Plassering | Album |
«Flight of Icarus / The Trooper» | UK Albums Chart[merk 1] | 7[30] | — |
Singel | Liste (2005) | Plassering | Album |
«The Trooper» (live) | Canadian Singles Chart | 5[31] | Death on the Road |
Den danske Tracklisten | 7[32] | ||
Den finske singellista | 5[33] | ||
Den franske singellista | 100[34] | ||
Irish Singles Chart | 16[28] | ||
Den italienske singellista | 8[35] | ||
Den spanske singellista | 1[36] | ||
Sverigetopplistan | 5[37] | ||
Den sveitsiske singellista | 61[38] | ||
UK Singles Chart | 5[39] | ||
Singel | Liste (2006) | Plassering | Album |
«The Troopers» (live) | Den spanske singellista | 10[36] | Death on the Road |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.