From Wikipedia, the free encyclopedia
«The Jean Genie» er ein song av den britisk musikkartisten David Bowie på albumet Aladdin Sane frå 1973. Songen vart derimot gjeve ut på singel alt i november 1972, og er ein av Bowie sine mest vidkjende songar. I følgje Bowie var han «eit kaldtbord av korleis han såg for seg americana» med ei hovudrolle inspirert av Iggy Pop. Tittelen er eit ordspel på forfattaren Jean Genet. Det vart laga ein musikkvideo for songen med Andy Warhol-tilknytte Cyrinda Foxe. Singelen nådde andreplassen på singellista i Storbritannia.
The Jean Genie Singel av David Bowie frå albumet Aladdin Sane | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. november 1972 | |
Innspelt | RCA Studios, New York 6 oktober 1972 | |
Sjanger | Glamrock, bluesrock, protopunk | |
Lengd | 4:07 | |
Selskap | RCA 2303 | |
Komponist | David Bowie | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent | Ken Scott, David Bowie | |
David Bowie-kronologi | ||
«John, I'm Only Dancing» (1972) |
The Jean Genie | «Drive-In Saturday» (1973)
|
The Jean Genie lives on his back
The Jean Genie loves chimney stacks
He's outrageous, he screams and he bawls
Jean Genie, let yourself go
Bowie spelte den første konserten sin i USA i Cleveland den 22. september 1972 og ein stad mellom neste stopp, Memphis og New York, byrja Bowie å skrive «The Jean Genie». Bak i bussen sat anten Mick Ronson eller den gamle venen til Bowie, George Underwood (det er sagt forskjellig i ulike intervju), og spelte Chuck Berry- og Bo Diddley-songar på ein akustisk gitar, som utvikla seg til variasjonar på «I’m a Man»-riffet. Refrenget var «Bus, bus, bus…we’re goin’ busin’!» Bowie tok ideen om å spele på «Man»-riffet og hadde ein song nokre få dagar seinare.[1] «The Jean Genie» vart skriven og innspelt i New York City hausten 1972, der Bowie var ei tid med Cyrinda Foxe, som arbeidde for Andy Warhol. Bowie sa seinare, «Eg skriv songen for å underhalde ho i leilegheita hennar. Sexy jente.»[2] Innspelinga vart gjort i RCA Studios i New York den 6. oktober 1972.[3] Songen vart miksa veka etter i RCA Studio B i Nashville;[4] den originale singelmiksen er i mono, medan albummiksen er i stereo.
R&B-riffet i songen er ofte samanlikna med The Yardbirds[5][6], særleg versjonen deira av Bo Diddley-songen «I'm a Man»[7][8] medan teksten er blitt samanlikna med stilen til The Velvet Underground.[5] Då Bowie og the Spiders spelte inn «Jean Genie» var det raskt nemnt at songen var ein openberr omskriving av «I'm a Man», så Trevor Bolder spelte berre «I'm a Man»-basslinja med eit par ekstra notar på innspelinga. Teksten var delvis inspirert av Bowie sin ven Iggy Pop eller, som Bowie sjølv sa, ein Iggy-liknande figur.[9] Tekstlinja «He's so simple minded, he can't drive his module» gav seinare namn til bandet Simple Minds.[10]
Ein har lenge rekna med at tittelen viser til forfattaren Jean Genet.[7] Bowie sa ein gong at dette var «undermedvitet hans... men det er truleg der, ja».[9] I boka Moonage Daydream frå 2005 sa han «Songen byrja med dette enkle riffet eg skreiv ein kveld i New York for Cyrinda. Eg utvikla teksten vidare og han vart til slutt eit slags kaldtbord av korleis eg trudde americana var... basert på ein Iggy-aktig person...Tittelen var sjølvsagt eit klumsete ordspel på Jean Genet».[11]
Det vart ei sak i Storbritannia ut av at songen brukte eit gitarriff som var svært like Sweet sin song «Block Buster», som vart spelt inn litt seinare enn Bowie sin song, men som låg på førsteplass på den britiske singellista, medan Bowie sin song låg på andreplass. Begge hevda derimot at likskapen berre var tilfeldig. Nicky Chinn frå Sweet skildra då han møtte Bowie, der Bowie skal ha sett på han gravalvorleg, kalla han «Cunt!», før han gjekk bort til han, gav han ein klem og gratulerte han.[9]
Mick Rock filma ein musikkvideo for å marknadsføre songen i oktober 1972, der Bowie, i lag med the Spiders, poserer føre Mars Hotel i San Francisco. Dette var miksa med filmopptak frå konsertar og studio. Kvinna i videoen er Cyrinda Foxe.[2] Bowie ønskte at videoen skulle syne «Ziggy som ei slags gaterotte i Hollywood med ei Marilyn-aktig kvinne». Valet fall på Foxe som flydde frå New York til San Francisco berre for denne innspelinga.[11]
Bowie spelte òg inn «The Jean Genie» for Top of the Pops, og dette vart sendt 4. januar 1973. Bandet på fire spelte songen live, noko som var uvanleg på den tida, og songen hadde ein lengre gitarsolo av Mick Ronson.[12] Videobanda med Top of the Pops-framføringa vart sidan sletta, men kameramannen John Henshall hadde ein kopi, då han filma framføringa med det nye fiskeaugelense-kameraet. John Henshall vart kontakta av Ray Langstone som overtydde Henshall om å dele det historiske materialet. Filmen har sidan blitt bevart og vart vist ved British Film Institute i desember 2011.[13] BBC sendte framsyninga i ein Top of the Pops 2 julespesial den 21. desember 2011, for første gongen sidan den originale sendinga i januar 1973.[12][14]
Det var noko kontrovers i Storbritannia då eit anna britisk band på RCA, The Sweet gav ut «Block Buster!», som nytta eit riff som minna mykje om «The Jean Genie».[7][15] Singelen til Sweet, som var skriven av Mike Chapman og Nicky Chinn, og spelt inn og gjeve ut noko etter Bowie sin song, nådde toppen av lista i Storbritannia, medan «The Jean Genie» framleis låg på topp 10. Alle involverte partar var samde om at likskapen var, med Nicky Chinn sine ord, «fullstendig tilfeldig». Chinn skildra eit møte med Bowie der Bowie «såg på meg gravalvorleg og sa 'Cunt!' Og så reiste han seg og gav meg ein klem og sa 'Gratulerer...'»[9]
Songen heldt seg på singellista i Storbritannia i 13 veker, nådde andreplass, og vart med det den største hitten han hadde hatt til då. I USA nådde singelen 71. plass (medan Sweet sin «Block Buster» hamna bak på ein 73. plass).
Sjølv om biografen David Buckley skildra songen som «ein kopi, seig, men utan tvil fengande»,[16] har songen blitt ein av signaturlåtane til Bowie og har ofte blitt spelt på konsertane hans.
Den amerikanske utgåva hadde «Hang on to Yourself» som b-side, medan den japanske utgåva hadde «John, I'm Only Dancing».
Liste (1972-1973) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report) | 42 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[17] | 26 |
Canadian RPM Top Singles[18] | 75 |
France (SNEP)[19] | 22 |
Tyskland (Media Control AG)[20] | 37 |
Irish Singles Chart[21] | 3 |
Italia (FIMI)[22] | 38 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[23] | 7 |
Nederland (Mega Single Top 100)[24] | 5 |
UK (Official Charts Company)[25] | 2 |
U.S. Billboard Hot 100[26] | 71 |
Bowie har gjennom åra innlemma alt frå «Don’t Start Me Talkin'» til «I Walk the Line» til «Purple Haze» i lange medleyar sentrert rundt songen på konsertane sine.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.