Tettstader i Troms
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Det er 43 tettstader i Troms fylke (2023). Av dei har desse bystatus: Finnsnes, Harstad og Tromsø.
Ca. 72 % av dei som bur i Troms bur i tettstadene, medan landsgjennomsnittet er 83 %. Ca. 54 % av folkesetnaden budde i ein av dei fire største tettstadene i 2023. I to kommunar er det ingen tettstad, det gjeld Dyrøy kommune og Gratangen kommune.
Døme på stader som tidlegare var lista som tettstader, men som er ute av lista per 2023 er Kasfjord i Harstad kommune og Skjelnan i Tromsø kommune.
Kort gjengjeve er SSB sin definisjon på tettstad ein stad med over 200 busette, der avstanden mellom husa ikkje er meir enn 50 meter. Sjå artikkelen tettstad for nærare informasjon om tettstadsomgrepet.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8d/Panorama_fjellheisen.jpg/640px-Panorama_fjellheisen.jpg)
Over halvparten av dei som bur i tettbygde område i Troms bur i Tromsø.