Silsand

From Wikipedia, the free encyclopedia

Silsand

Silsand (nordsamisk Silsáddu) er ein tettstad på Senja i Senja kommune i Troms med 1 654 innbyggjarar per 1. januar 2024. Staden ligg på austsida av Senja, ved Gisundet, like attmed byen Finnsnes. Gisundbrua med fylkesveg 86 knyter Silsand saman med fastlandet, og staden har hatt ei jamn auke i folketalet sidan brua opna i 1972. Silsand er i dag den største tettstaden på Senja.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Silsand
tettstad
Thumb
Utsyn mot Silsand med Olaholmen til venstre.
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Senja
Areal 1,07 km²
Folketal 1 654  (2024)
Folketettleik 1 546 / km²
Postnummer 9303 SILSAND
Innbyggjarnamn silsandværing
Preposisjon Silsand
Thumb
Silsand
69.244444°N 17.95°E / 69.244444; 17.95
Wikimedia Commons: Silsand
Lukk

Samfunn

Føretaka Tromspotet og Art Nor, som begge held til på Silsand, har hatt god suksess dei siste åra. Tromspotet driv mottak, sortering og pakking av poteter for sal i butikkar, mens Art Nor produserer gryteklare produkt som fløytebaka potet.

På Silsand finst også daglegvarebutikk, vegkro, bakeri, bensinstasjon og kiosk med posttenester. Dessutan huser staden eit avdelingskontor for Troms Kraft. Senter for psykisk helse Midt-Troms held også til på Silsand, og i 2006 utvida senteret lokala betrakteleg.

Silsand har tre skolar; Småslettan skole (1.-4.trinn), Silsand barneskole (5.-7.) og Silsand ungdomsskole (8.-10.) Alle tre er toparallellskolar og tener Silsand skolekrins. I tillegg har staden idrettshall og tre barnehagar. I Silsandmarka er det gode høve for å gå tur både sommar og vinter.

Det lokale fotballaget er FK Senja.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Silsand


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.