Tema:Vitskap
From Wikipedia, the free encyclopedia
VELKOMMEN TIL TEMASIDA OM VITSKAPendre
InnleiingVitskap viser til organisert kunnskap innanfor eit felt. Omgrepet har utvikla seg gjennom tidene, og dagens vestlege disiplinar følgjer eit vitskapsomgrep utvikla rundt 1700-talet, då ein innan naturvitskapane tok til å utvikla teoriar og utføra eksperiment for å støtta eller motprova desse. endre
Viktige vitskapsartiklarendre
Utvald artikkelEi sky er ein synleg masse av kondenserte dråpar eller iskrystallar i jordatmosfæren eller på ein annan planet. På jorda er det vassdamp som kondenserer og dannar små vassdråpar (typisk 0,01 mm) eller iskrystallar. Ein slik dråpe eller krystall saman med millionar av andre er for oss synleg som skyer. Som regel vert skyene danna i samband med vertikale luftrørsler, som konveksjon, luft som vert tvunge over eit høgareliggande terreng eller storskala luftrørsler i samband med vêrfrontar. Skyer reflekterer og spreier alle bølgjelengder av synleg lys likt og er som regel kvite, men dei kan vere grå eller til og med svarte dersom dei er så tjukke eller tette at sollys ikkje kan passere gjennom dei. Bortsett frå enkelte skytypar, som nattlysande skyer og perlemorskyer, samt enkelte høge cirrus i den lågare stratosfæren, finn ein dei fleste skyene i troposfæren. endre
KategoriarArtiklane om vitskapar ligg under desse kategoriane: endre
Gode vitskapsartiklarendre
Visste du at...
endre
På Wikimedia
endre
Hovudtema på Nynorsk Wikipedia
|