Sosiologi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sosiologi er ein samfunnskunnskap, vitskapen om det sosiale. Fokuset til sosiologien er relasjonane mellom menneska som individ eller grupper (inkludert heile samfunnet). Oppgåva til sosiologien er å beskrive dei sosiale relasjonanes struktur, funksjonar og utvikling. Det sosiologiske arbeidet er å undersøke samfunnet, i alle delar, og så prøve å skapa eit mest mogleg heilskapleg bilde ut av det gjennom teori og metode. Sosiologiens teoriar skal au kunne beskrive sosiologien sjølv, sidan sosiologien i seg sjølv er eit resultat av sosial samhandling.