Ekstremvêret Tuva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tuva var eit ekstremvêr som råka store delar av Sør-Noreg 31. januar 2008. Sjølv om det vart storm fleire stader i Sør-Noreg over to dagar, var det den kraftige sønnavinden som var varsla inn mot Sørlandet og områda austover mot svenskegrensa som var årsaka til ekstremvarselet. Frå Farsund til svenskegrensa vart det varsla opp mot full storm, i tillegg til høge bølgjer på kysten (signifikant bølgjehøgd på 6–7 m) og store nedbørmengder. Den kraftige nedbøren førte til at NVE sende ut flaumvarsel for Agder og Østfold. Det var venta kring 30–40 mm nedbør i løpet av 31. januar, ikkje særs store nedbørmengder, men i kombinasjon med mildvêr og snøsmelting, samt mykje nedbør i dagane og vekene før, var det fare for auka vassføring i dei fleste vassdraga i desse områda.[1]
Førre ekstremvarsel som vart sendt ut for denne kyststrekninga var ekstremvêret Gudrun i januar 2005.
Tuva var det andre ekstremvêret som råka landet i 2008. Berre ei veke tidlegare kom Sondre inn mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.