Sosialantropologi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sosialantropologi (frå latin societas, «samfunn», og frå gresk anthropos, «menneske» og logos, «fornuft») er eit fag innan samfunnsvitskapen som studerer dei sosiale og kulturelle sidene ved menneskelege samfunn. Sentralt i antropologien står omgrepa samfunn, kultur og symbol. Til skilnad frå til dømes sosiologi baserer faget seg i stor grad på kvalitativ metode, deltakande observasjon og emisk perspektiv. I stor grad er sosialantropologi ei vidareføring av det faget som tidlegare vart kalla etnografi (som ikkje må forvekslast med etnologi).