![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/dd/Stedje_kyrkje.jpg/640px-Stedje_kyrkje.jpg&w=640&q=50)
Sogn prosti
From Wikipedia, the free encyclopedia
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/dd/Stedje_kyrkje.jpg/640px-Stedje_kyrkje.jpg)
Sogn prosti er eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja. Prostiet femner kommunane Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Prosten har sete på Stedje.
Prostiet vart oppretta i 2013 då Ytre Sogn prosti vart lagt ned. Vik og Balestrand vart då overførte til Indre Sogn prosti, som samstundes bytte namn til Sogn prosti.[1]
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.