Lærdal kommune
kommune i Vestland fylkee i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Lærdal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Lærdalsøyri | ||
Areal | 1 342 km² | ||
• land | 1 280 km² | ||
• vatn | 62 km² | ||
Folketal | 2 160 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Audun Mo (Ap) | ||
Kommunenr. | 4642 | ||
Lærdal kommune 61.051111°N 7.597778°E / 61.051111; 7.597778 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Lærdal | |||
Nettstad: www.laerdal.kommune.no | |||
Lærdal er ein kommune i Sogn i Vestland fylke. Kommunen ligg ved Lærdalsfjorden inst i Sognefjorden og strekkjer seg opp til Filefjell. Lærdal er og namnet på hovuddalføret som strekkjer seg frå Lærdalsøyri mot Filefjell. Lærdal grensar i nord til Årdal, i aust til Vang og Hemsedal, i sør til Ål og Hol og i sørvest til Aurland. Over fjorden ligg Vik og Sogndal.
Omtrent 1200 av dei 2153 innbyggjarane bur på Lærdalsøyri, hovuddelen av Lærdal. Resten er spreidd rundt i dalen på dei små stadene Borgund, Ljøsne, Tønjum, Erdal, Vindedalen, Ytre Frønningen, og Strendene.
Lærdal har lange jordbrukstradisjonar, og på grunn av det tørre klimaet var det ein av dei første stadene i Noreg som brukte kunstig vatning. Til trass for innlandsklimaet, hindrar fjorden vintrane å bli for kalde.
Det lokale sjukehuset sørgjer for medisinsk assistanse for Lærdal, og dei sju omkrinsande kommunane. Sjukehuset, saman med Hydro Aluminium i Årdal og Østfold Energiproduksjon, er dei største arbeidsgjevarane i Lærdal.