![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8f/Den_norske_kirkes_v%25C3%25A5pen.svg/langnn-640px-Den_norske_kirkes_v%25C3%25A5pen.svg.png&w=640&q=50)
Den norske kyrkja
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den norske kyrkja er den offentlege kyrkja i Noreg. I 1537 innførte Danmark-Noreg lutherdomen og braut banda med Den katolske kyrkja. Den norske kyrkja fekk då den dansk-norske kongen som overhovud. Den dag i dag er det framleis kongen som er den øvste leiaren. Kyrkjesaker ligg til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Fram til 1969 var det offisielle namnet Statskyrkja. Etter endring av § 2 i Grunnlova 21. mai 2012 har ikkje Noreg ein offentleg religion. I § 16 blir Den norske kyrkja omtala som «folkekyrkja» og paragrafen slår samstundes fast at alle trussamfunn skal «bli stødde på lik line».[2] Etter grunnlovsendringa i 2012 skal det innførast ei ny kyrkjeordning, med ei meir sjølvstendig kyrkje, som ikkje er eit statleg forvaltingsorgan.[3]
Den norske kyrkja | |||
![]() | |||
![]() Olavsmerket er det offisielle våpenet til Den norske kyrkja. | |||
Org.form | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 818066872 | ||
Skipa | 1537 | ||
Land | Noreg[1] | ||
Grunnleggjar(ar) | Kristian III av Danmark-Noreg | ||
Nettstad | https://www.kyrkja.no/ |