![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/dd/Stedje_kyrkje.jpg/640px-Stedje_kyrkje.jpg&w=640&q=50)
Indre Sogn prosti
From Wikipedia, the free encyclopedia
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/dd/Stedje_kyrkje.jpg/640px-Stedje_kyrkje.jpg)
Indre Sogn prosti var frå 1819 til 2013 eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.
Prostiet vart skipa i 1819 då Sogn prosti vart delt i to: Indre og Ytre Sogn prosti. Prostiet femnde kommunane Leikanger, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Prosten hadde sete på Stedje. Ein periode på 1800- og 1900-talet var prostiet delt i Indre og Midtre Sogn prosti, slik at dagens Luster og Årdal utgjorde det indre prostiet.
I 2013 vart Vik og Balestrand overførde til prostiet då Ytre Sogn prosti vart lagt ned. Prostiet bytte då namn til Sogn prosti. [1]
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.