From Wikipedia, the free encyclopedia
Quadrophenia er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandet The Who. Det kom ut 19. oktober 1973 på Track og Polydor i Storbritannia og Track og MCA i USA. Quadrophenia er eit dobbeltalbum og den andre rockeoperaen til bandet. Historia omfattar samfunnsmessige, musikalske og psykologiske hendingar sett frå synspunktet til engelske tenåringar i London og Brighton i 1964 og 1965. Quadrophenia er det einaste Who-albumet som berre er komponert av Pete Townshend.
Quadrophenia Studioalbum av The Who | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. oktober 1973[1] | |
Innspelt | Mai til juni 1972 Mai til september 1973 med 16-sporsopptakar | |
Studio | Olympic Studios, London, Ramport Studios i Battersea i London med Ronnie Lane's Mobile Studio | |
Sjanger | ||
Lengd | 81:42 | |
Selskap | Track, MCA | |
Produsent | The Who Leiande produsentar:
Glyn Johns (på «Is It in My Head?» og «Love Reign o'er Me») | |
The Who-kronologi | ||
---|---|---|
Tommy (1972) |
Quadrophenia | Odds & Sods (1974)
|
Singlar frå Quadrophenia | ||
|
Tittelen er ein variant av den feilaktige bruken av schizofreni som ei dissosiativ identitetsforstyrring for å gjenspegle dei fire fråskilde personlegheitene til Jimmy, hovudrolla i operaen som er sagt å representere personlegheita til kvar av medlemmene i The Who.
Gruppa byrja arbeidet på albumet i 1972 og prøvde å følgje opp Tommy og Who's Next, som begge var kritikarroste og selde godt. Innspelinga vart forseinka medan bassisten John Entwistle og songaren Roger Daltrey spelte inn sine soloalbum og trommeslagaren Keith Moon arbeidde med film. Fordi eit nytt studio ikkje var ferdig i tide, måtte gruppa bruke Ronnie Lane's Mobile Studio. Det vert nytta mykje av Townshend sin synthesizer i fleire spor og lydeffektar, i tillegg til fleire lag med blåsarane til Entwistle, i tillegg til den vanlege spelestilen til gruppa, særleg frå Moon. Forholdet mellom gruppa og manageren Kit Lambert braut heilt saman under innspelinga og Lambert slutta som manager innan albumet kom ut.
Quadrophenia fekk positive meldingar i både Storbritannia og USA, men den påfølgjande turneen vart plaga av problem med lydbanda som erstatta dei ekstra instrumenta på albumet, og sceneframføringa av albumet vart skrinlagd tidleg i 1974. Det vart henta fram att i 1996 med eit større ensemble og ein ny turné fann stad i 2012. Albumet hadde ei positiv innverknad på mod revival-rørsla seint i 1970-åra og den påfølgjande filmutgåva, som kom i 1979, vart ein suksess. Albumet har sidan blitt gjeven ut på CD mange gonger, og fleire nymiksar har retta opp feil i originalen.
Quadrophenia vart opphavleg gjeven ut som ein dobbel LP med eit tjukt hefte med tekstar, ei tekstutgåve av historia og bilete som illustrerte historia. MCA Records gav ut plata på dobbel-CD i 1985 med songtekstar og historia i tekstformat, men utan bileta. Den originale CD-utgåva til Polydor, samt dei nymastra utgåvene til MCA og Polydor CD i 1996 inneheldt ei miniatyrutgåve av plateomslaget frå LP-utgåva.
I plateomslaget til den nymastra utgåva av Odds og Sods skriv Townshend at den opphavlege ideen til Quadrophenia først var ein nytingssjuk sjølvbiografi av bandet (som visstnok skulle ha tittelen Rock Is Dead—Long Live Rock!). To av songane på plata er frå 1972 («Is It In My Head?» og «Love Reign O'er Me»), eit år då The Who òg gav ut singlane «Join Together», «Relay» og «Long Live Rock». Då Quadrophenia kom ut var rolla til bandet i historia berre symbolsk via dei fire personlegheitene til Jimmy.
8-sporsband-utgåva av albumet er ei av få 8-sporsband der songane er nøyaktig som på LP-utgåva, utan brot i songane.
Quadrophenia nådde andreplassen i USA og var den høgaste plasseringa dei klarte å oppnå her med eit album.
Bandet såg på turneen som følgde albumet som katastrofalt. Under dei første framføringane virka ikkje lydbanda med lydeffektane. Då lydbanda starta måtte bandet følgje dei, men følte seg hemma av å spele til desse innspelingane.[8]
På den første konserten under den amerikanske delen av turneen, i Cow Palace i San Francisco i California kollapsa trommeslagaren Keith Moon på scenen. Scot Halpin, ein trommeslagar frå publikum, vart ført opp på scenen for å avslutte konserten.
Pete Townshend er i dag særs nøgd med albumet og har sagt at musikken er den beste han har skrive og at han aldri vil klare å lage eit like bra album.[8][9]
Townshend fortalte i 2009 at i staden for å la personlegheitene til Jimmy representerte eit Who-medlem, så let han kvart medlem få illustrere dei fire personlegheitane hans.[8]
I tillegg til å skildre personlegheiter/bandmedlemmer, har kvar av dei fire skildringane fire musikalske tema som syner personlegheitane til Jimmy i operaen: «Helpless Dancer», «Is It Me?», «Bell Boy» og «Love Reign O'er Me». Dei fire temaa er blanda saman i både tittelsporet (som ei bru mellom «The Real Me» og «Cut My Hair») og den nest siste songen, «The Rock» (mellom «Doctor Jimmy» og «Love, Reign O'er Me»). Dei to stykka er dei mest musikalsk komplekse som Townshend nokon gong skreiv for The Who, der han kombinerte alle dei fire temaa til to seks minuttar lange potpurri. Dei to stykka har ikkje ein klår start eller slutt, sidan dei vert tona inn frå dei føregåande songane og glir inn i det neste. Stykket startar med temaet frå «Bell Boy» (temaet til Moon), etterfølgd av temaene frå «Is It Me» (temat til Entwistle), «Helpless Dancer» (temaet til Daltrey) og «Love, Reign O'er Me» (temaet til Townshend). «Quadrophenia» tonar ut i lyden av regn etter temaet til «Love Reign O'er Me». «The Rock» endar med ein kombinasjon av dei fire temaa, med «Bell Boy»-temaet som akkordsekvens, «Helpless Dancer»-temaet som melodien, «Is It Me?»-temaet som solo (på gitar og synthesizer) og keyboard-delen frå «Love Reign O'er Me» som motmelodi. Heile songen endar brått til lyden av torevêr og glir over i sjølve «Love Reign O'er Me».
Dei fire temaa dukka òg opp i fleire andre songar gjennom albumet, mellom anna i «Bell Boy» der temaet frå «Helpless Dancer» dukka opp på syntehsizer i eit kort mellomspel. Somme tema frå andre songar dukkar òg opp her og der.
Kritikarane var positive til Quadrophenia. Chris Welch i Melody Maker skreiv «sjeldan har ei gruppe klart å destillere essensen sin og omfamne eit motiv på så overtydande vis», medan Charles Shaar Murray skildra albumet i New Musical Express som «den mest givande musikalske opplevinga dette året».[10] Reaksjonane i USA var generelt positive, men Dave Marsh var meir kritisk i Creem.[10] Lenny Kaye skreiv i Rolling Stone at «The Who som heilskap har aldri vore betre» men la til, «men på eiga hand strekk ikkje Quadrophenia heilt til».[11] I årslista for Newsday rangerte Robert Christgau albumet på sjuandeplassen for 1973.[12]
Seinare meldingar har òg vore positive. Christgau skreiv i Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) at Quadrophenia var meir ein opera enn Tommy, og hadde eit glimrande skrive, men noko forvirrande plott, disharmonisk, men melodisk musikk og medlidande tekstar om «Einkvar tenåring som heroisk 'fuckup', smart nok til å ha ein god ide om kva som vert gjort til han og så sensitiv at han vert pressa utfor kanten likevel».[3] Chris Jones skreiv for BBC Music at «alt det som er bra med The Who finst her.»[13] I 2013 skreiv Billboard om albumet i høve 40-årsjubileet og sa «Quadrophenia er fyllt med framføringar full av liv og djupne og personlegdom og er 90 minuttar med The Who på sitt beste.»[14] Albumet har seld over ein million eksemplar og har fått platinaplate i USA.[15] I 2000 plasserte musikkmagasinet Q Quadrophenia på 56. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma nokon gong.[16] I 2001 var albumet på 86. plassen på VH1 si liste over dei beste albuma gjennom tidene.
Albumet vart plassert på 267. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[17] IGN plasserte Quadrophenia på førsteplassen på deira liste over dei største classic rock-albuma gjennom tidene.[18]
Townshend reknar no Quadrophenia som det siste store albumet The Who spelte inn. I 2011 sa han at gruppa «aldri klarte å spele inn noko som var så ambisiøst eller dristig igjen», og hylla særleg spelinga til Moon.[19]
I 1979 kom filmen Quadrophenia med tre ekstra songar av Pete Townshend. Filmen var ei visuell tolking av Townshend sin visjon om Jimmy og dei rundt han. Filmen hadde mellom anna Sting i rolla som Ace Face. I filmen er musikken stort sett spelt i bakgrunnen og vart ikkje framført av skodespelarane som i ein rockeopera.
Sommaren 1996 spelte The Who heile Quadrophenia for første gong på mange år i Hyde Park i London med Zak Starkey på trommer (første gong som trommeslagar i The Who), Geoff Whitehorn og Simon Townshend på elektrisk gitar og Jon Carin og John «Rabbit» Bundrick på tangentinstrument. I tillegg hadde bandet med seg gjesteartistane Phil Daniels som fortejlaren/Jimmy, Gary Glitter som The Rocker, Adrian Edmonson som Ace Face/Bellboy, Stephen Fry som hotellmanageren (som skrik «Bellboy!»), Trevor McDonald som nyhendelesare og David Gilmour frå Pink Floyd som bussjåføren på songen «The Dirty Jobs». Gilmour spelte òg sologitar på «Sea and Sand», «Dr. Jimmy», «The Rock», «Love, Reign O'er Me»og «5:15 (Reprise)». Ein britisk og amerikansk turne følgde etter denne konserten der Daniels vart erstatta og Simon Townshend tok over Gilmour si rolle. Gary Glitter og P.J. Proby var med som gjestar på enkelte songar som The Godfather og Billy Idol gjesta òg som Ace Face/Bellboy.
I 2005 vart det gjeve ut ei konsertframføring av Quadrophenia frå 1996/1997-turneen. Her fanst òg ei konsertutgåve av Tommy frå 1989, samt andre songar som vart framførte på konsertar. Pete Townshend og Roger Daltrey hadde kommentarar på fleire spor og det var òg eit intervju med Billy Idol.
Heile albumet vart framført av Phish den 31. oktober 1995. Dette vart seinare gjeve ut som Live Phish Volume 14.
I november 2005 sette Luna C Productions opp ei teaterutgåve av Quadrophenia i Los Angeles. I ettertid er fleire teatertutgåver av plata sett opp.
Alle songar er skrivne av Pete Townshend.
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I Am the Sea» | Roger Daltrey | 2:09 |
2. | «The Real Me» | Daltrey | 3:21 |
3. | «Quadrophenia» | (instrumental) | 6:14 |
4. | «Cut My Hair» | Pete Townshend and Daltrey | 3:45 |
5. | «The Punk and the Godfather» (Kalla «The Punk Meets the Godfather» på amerikanske versjonar) | Daltrey og Townshend | 5:11 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I'm One» (At least) | Townshend | 2:38 |
2. | «The Dirty Jobs» | Daltrey | 4:30 |
3. | «Helpless Dancer» (Roger's theme) | Daltrey | 2:34 |
4. | «Is It in My Head?» (inneheld introen til «The Kids Are Alright» frå My Generation) | Daltrey og John Entwistle | 3:44 |
5. | «I've Had Enough» | Daltrey og Townshend | 6:15 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «5:15» | Daltrey, Townshend (intro og coda) | 5:01 |
2. | «Sea and Sand» | Daltrey og Townshend | 5:02 |
3. | «Drowned» | Daltrey | 5:28 |
4. | «Bell Boy» (Keith's theme) | Daltrey og Keith Moon | 4:56 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Doctor Jimmy» (inneheld «Is It Me?», John's theme) | Daltrey | 8:37 |
2. | «The Rock» | (instrumental) | 6:38 |
3. | «Love, Reign o'er Me» (Pete's theme) | Daltrey | 5:49 |
Nr. | Tittel | Innspeling | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Real Me» | skriven og spelt inn i oktober 1972 | 4:24 |
2. | «Quadrophenia – Four Overtures» | i 1973 | 6:20 |
3. | «Cut My Hair» | skriven i juni 1972 | 3:28 |
4. | «Fill No. 1 – Get Out and Stay Out» | 12. november 1972 | 1:22 |
5. | «Quadrophenic – Four Faces» | i juli 1972 | 4:02 |
6. | «We Close Tonight» | i juli 1972 | 2:41 |
7. | «You Came Back» | i juli 1972 | 3:16 |
8. | «Get Inside» | skriven i april 1972 | 3:09 |
9. | «Joker James» | i juli 1972 | 3:41 |
10. | «Ambition» | skriven tidleg i 1972 | 0:00 |
11. | «Punk» | 18. november 1972 | 2:37 |
12. | «I'm One» | 15. november 1972 | 2:37 |
13. | «Dirty Jobs» | 25. juli 1972 | 3:45 |
14. | «Helpless Dancer» | i 1973 | 2:16 |
Total lengd: | 43:38 |
Nr. | Tittel | Innspeling | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Is It in My Head?» | 30. april 1972 | 4:12 |
2. | «Anymore» | oppført som spelt inn 10. november 1971, men truleg feil. Skal truleg vere 1972 | 3:19 |
3. | «I've Had Enough» | skriven og spelt inn 17. desember 1972 | 6:21 |
4. | «Fill No. 2» | 12. november 1972 | 1:30 |
5. | «Wizardry» | i august 1972 | 3:10 |
6. | «Sea and Sand» | skriven og spelt inn 1. november 1972 | 4:13 |
7. | «Drowned» | i mars 1970 | 4:14 |
8. | «Is It Me?» | 20. mars 1973 | 4:37 |
9. | «Bell Boy» | 3. mars 1973 | 5:03 |
10. | «Doctor Jimmy» | 27. juli 1972 | 7:28 |
11. | «Finale – The Rock» | mellom 25. mars og 1. mai 1973 | 7:57 |
12. | «Love Reign O'er Me» | 10. mai 1972 | 5:10 |
Total lengd: | 57:14 |
|
|
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Canada (Music Canada)[25] | Platina | 100 000^ |
Frankrike (SNEP)[26] | Gull | 100 000* |
Storbritannia (BPI)[27] | Gull | 100 000^ |
USA (RIAA)[28] | Platina | 1 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.