Lumsk strålemugg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lumsk strålemugg (Aspergillus flavus) er ein saprofytt strålemuggsopp som finst i jord over heile verda.[1] Han kan infisera frøavlingar før og etter innhausting og ureina dei med aflatoksin, ei gruppe giftige og kreftframkallande stoff. Han er nærskyld Aspergillus oryzae og Aspergillus parasiticus.[2] Genetisk sett er lumsk strålemugg nesten identisk med A. oryzae, ein art som ikkje er i stand til å laga aflatoksin. Han er mogelegvis ei tamd utgåve av lumsk strålemugg.[1][2]
Lumsk strålemugg | |
Lumsk strålemugg | |
Systematikk | |
Rike: | Soppriket Fungi |
Underrekkje: | Ekte sekksporesoppar Pezizomycotina |
Klasse: | Kulesekksoppar Eurotiomycetes |
Underklasse: | Eurotiomycetidae |
Orden: | Eurotiales |
Familie: | Trichocomaceae |
Slekt: | Strålemuggsoppar Aspergillus |
Art: | Lumsk strålemugg A. flavus |
Vitskapleg namn | |
Aspergillus flavus Link, 1809 |
Lumsk strålemugg kan òg valda aspergillose i menneske og dyr; særskilt i individ med minska immunforsvar.[2] Hjå menneske ligg han berre bak grøn strålemugg (Aspergillus fumigatus) som opphav til aspergillose. Han er òg den strålemuggsoppen som mest infiserer insekt.[1]
Til liks med alle strålemuggsoppar studerte so langt, har lumsk strålemugg åtte kromosom. Han har ein genomstorleik på kring 37 megabasar og over 12 000 verksame gen.[2]
Lumsk strålemugg lagar mellom anna, som sekundære metabolittar, aflatoksin B1 og B2, aspergillsyre, aspergillomarasmin A og B, syklopiasonsyre, kojisyre, gliotoksin, sterigmatocystin og 3-nitropropionsyre.[1][3]