From Wikipedia, the free encyclopedia
Jord er eit laust materiale sett saman av mineral og organiske stoff som planter kan vekse i. Ho utgjer pedosfæren og ligg i grensesnittet mellom litosfæren, biosfæren, atmosfæren og hydrosfæren.
Jord er ein av våre viktigaste naturressursar grunna sin strategiske plassering og hennar dynamiske, fysiske, kjemiske og biologiske funksjonar. Definisjonen på jord er varierande, alt etter perspektiv og bruksområde.
Jord er den øvste delen av jordsmonnet. Jordsmonnet består av undergrunnsjord og jord. Øvste 20 cm av jorda er matjordlaget. Dette er omtrent så djupt som vanlege jordarbeidingsreiskapar som plog og harv arbeider jorda.
Eigenskapane til jorda avheng av fleire ting. Opphavsmaterialet, det vil seie berggrunnen, jordsmonnet er danna av og påverknad ovanifrå er viktige.
Forståinga vår av jord er mangelfull. Sjølv om menneske i lang tid har vore avhengige av jord, og har utforska ho grundig, vinn me stadig ny kunne om henne.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.