Kinn kommune
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kinn er ein norsk kommune i Vestland fylke, skipa frå 1. januar 2020, danna av tidlegare Flora og Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane.[1] Folketalet er rundt 18 000 og arealet ca. 870 km².
- For den tidlegare Kinn kommune, sjå øya Kinn.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Kinn kommune | |||
kommune | |||
Frå Måløy | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Florø og Måløy | ||
Areal | 812,30 km² | ||
• land | 764,55 km² | ||
• vatn | 47,75 km² | ||
Folketal | 17 349 (1. januar 2024) | ||
Ordførar | Bengt Solheim-Olsen (Høgre) | ||
Kommunenr. | 4602 | ||
Kinn kommune 61.5996°N 5.0328°E / 61.5996; 5.0328 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Kinn | |||
Nettstad: http://www.kinn.kommune.no | |||
Lukk
Ved samanslåinga blei bygda Bryggja overført til nye Stad kommune. Kinn kommune skil seg ut ved å ha to separate delar, ettersom dei to eldre kommunane ikkje hadde felles grense, verken over land eller hav. Kommunesenterfunksjonen er delt mellom Måløy og Florø. Reisetida mellom Måløy og Florø er 2 timar og 15 minutt.