Øya Kinn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kinn er ei øy som ligg vest for Florø i Vestland. Øya Kinn var opphavleg ein del av Kinn kommune, men vart etter kommunesamanslåinga i 1964 innlemma i Flora kommune. Frå 1. januar 2020 er ho igjen ein del av Kinn kommune.
Øya Kinn | |
---|---|
![]() Den særmerkte fjellformasjonen Kinnaklova sett frå kyrkjegarden ved Kinn kyrkje Foto: Hjorthefoto | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Sunnfjord |
Koordinatar | 61°33′34″N 04°45′19″E |
Areal | 2,5 km² |
Høgaste punkt | 315 moh. |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland |
Kinn kyrkje har lange tradisjonar knytte til seg, truleg heilt attende til år 1150. Eit eige spel, Kinnaspelet, er skrive om Kinn og kyrkja der.
Kulturminne på Kinn
Kulturminneskilt

Foto: Nina Aldin Thune
I 2014 vart det sett opp kulturminneskilt på Kinn. Det eine skiltet står på kaia, og det andre skiltet står i starten av turløypa på søraustsida av Kinn. Ved kulturminna som ligg langs stien på sørsida av Kinn, er det sett opp små skilt med eigne QR-kodar. Teksten på skilta på kaia er utarbeidd av Flora historielag, medan teksten på skiltet på søraustsida er utarbeidd av Sogn og Fjorande fylkeskommune.[1][2]
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for øya Kinn
1801[3] | 1900[4] |
---|---|
32 | 91 |
Kinn prestegjeld
Kinn var fram til 2004 eit prestegjeld. Prestegjeldet tilsvarte Flora kommune i utstrekking og vart delt i fire sokn; Kinn sokn, Bru sokn, Eikefjord sokn og Nordal sokn. Bremanger prestegjeld vart skilt ut frå Kinn i 1864.[5] Prestetenesta i Flora er no leia av prosten i Sunnfjord prosti, og ordninga med prestegjeld er utfasa.
Tidlegare Kinn kommune
Kinn kommune vart skipa i 1838 og hadde same utstrekninga som Kinn prestegjeld. I 1861 vart Florø, med 846 innbyggjarar, skilt ut frå Kinn kommune som ladestad. Etter delinga budde det 6 531 personar i Kinn kommune. Fem år etter, i 1866, vart Bremanger utskilt frå Kinn som eigen kommune. Etter delinga budde det 1 852 personar i nye Bremanger kommune og 4679 att i Kinn kommune. I 1923 vart kommunen delt i tre og Bru og Eikefjord skipa som eigne kommunar. Eikefjord hadde ved opprettinga 929 innbyggjarar, og Bru hadde 1 560, medan det budde att 2 508 i Kinn kommune. I 1964 vart Bru, Eikefjord, Kinn og Florø slått saman til nye Flora kommune.[6]
Folketalsutvikling
Før delinga av kommunen i 1923 var Kinn den mest folkerike kommunen i Sogn og Fjordane. Ved delinga hadde den gamle kommunen til saman 4997 innbyggjarar.
Folketalsutvikling for tidlegare Kinn kommune frå 1923 til 1964:
Nye Kinn kommune
Ein ny kommune med namnet Kinn kommune blei skipa frå 2020 gjennom samanslåing av Flora og Vågsøy kommune.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.