Flora kommune
tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Flora er ein tidlegare norsk bykommune i Sogn og Fjordane fylke. Han omfatta fleire øyar, halvøyar og fjordar som Eikefjorden og Norddalsfjorden. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Vågsøy til Kinn kommune.
Flora kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane | ||
Adm.senter | Florø | ||
Areal | 692 km² | ||
• land | 647 km² | ||
• vatn | 45 km² | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Ola Teigen (Ap) | ||
Kommunenr. | 1401 | ||
Flora kommune 61.6°N 5.0333333333333°E / 61.6; 5.0333333333333 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Flora, Norway | |||
Nettstad: www.flora.kommune.no | |||
Florø, som var administrasjonssenter i kommunen, er òg den vestlegaste byen i Noreg. «Havet sitt sølv», silda, var lenge hovudnæringa for Flora og Florø, og ein finn igjen fisken i kommunevåpenet.
Kommunen har eit aktivt og variert kulturliv med kulturskule og musikk-, kor- og revymiljø. Kinnaspelet vert framført kvart år på sagaøya Kinn. Sildebord og rockefestival er andre trivelege aktivitetar å få med seg. I tillegg har Flora idrettshall, symjehall, fotballbanar, løkker og eit mylder av idretts- og fritidsorganisasjonar.
Helleristingane i Ausevika og Kystmuseet i Sogn og Fjordane gjev eit historisk perspektiv. Flora er fleire gonger kåra til den trivelegaste bykommunen i landet, og fekk utdelt Miljøbyprisen i 1998.
Næringslivet i kommunen er eksportretta, og hovudnæringane er fiskeindustri, skipsbygging, forsyningsbase for oljeindustrien og servicenæring. Innbyggjarane i kommunen skapar verdiar som ligg fleire gonger over landsgjennomsnittet.
Flyplassen Florø lufthamn ligg i kommunen.