![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a6/RainbowTrout.jpg/640px-RainbowTrout.jpg&w=640&q=50)
Fisk
ei gruppe hovudsakleg vasslevande virveldyr / From Wikipedia, the free encyclopedia
Fisk er kaldblodige virveldyr som lever i vatn. Dei har finnar, skjel og spord, og pustar for det meste med gjeller. Det finst opp mot 30.000 fiskeslag, og dei lever overalt der det finst vatn.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a6/RainbowTrout.jpg/320px-RainbowTrout.jpg)
Som biologisk systematisk omgrep er ordet unøyaktig, sidan ordet vert nytta om fleire ulike klassar som ikkje er nærare i slekt med kvarandre enn med t.d. amfibium. Ein seier det er ei parafyletisk gruppe.
Studiet av fisk heiter iktyologi.