Bryggja
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bryggja er ein tettstad og ei bygd i Stad kommune i Vestland fylke (tidlegare i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane fylke).[1]
Bryggja | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Stad | ||
Areal | 0,42 km² | ||
Folketal | 364 (2024) | ||
Folketettleik | 867 / km² | ||
Postnummer | 6711 BRYGGJA | ||
Ferdselsårer | 61 | ||
![]() Bryggja 61.93839°N 5.43032°E |
Tettstaden hadde 364 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg på nordsida av Nordfjord, på fastlandet, 21 kilometers køyring aust for Måløy. Staden vart busett tidleg på 1600-talet og fekk handelsprivilegium i 1640. På 1700-talet hadde eigarane av handelsstaden einerett på handel i Hyen og Davik.
Her ligg Bryggja omsorgssenter og barneskulen Bryggja skule. Staden har òg daglegvarebutikk, bensinstasjon og bakeri. Verksemda North Cape Minerals som vinn ut olivin i Lefdal, er ein viktig arbeidsplass.
Skodespelaren og spelmannen Alfred Maurstad kom herfrå.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.