![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/76/Kerguelen_islands_%2528closer%2529.jpg/640px-Kerguelen_islands_%2528closer%2529.jpg&w=640&q=50)
Kerguelen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kerguelen (fransk Îles Kerguelen eller Archipel de Kerguelen, offisielt Archipel des Kerguelen eller Archipel Kerguelen), òg kjend som Desolation Islands, er ei øygruppe sør i Indiahavet som utgjer ein av to øyar på Kerguelenplatået. Øyane, i lag med Adélie Land, Crozetøyane. Île Amsterdam og Île Saint-Paul, er ein del av Dei franske sørterritoria og vart administrert som separate distrikt. Det er ingen innfødde innbyggjarar på øyane, men 50 til 100 forskarar bur permanent på øyane.[1]
Kerguelen | |||
Îles Kerguelen | |||
øy | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Oversjøisk territorium | Dei franske sørterritoria | ||
Del av | Dei franske sørterritoria, Franske sørlige land- og havområder | ||
Koordinatar | 49°21′S 70°13′E | ||
Hovudstad | Port-aux-Français | ||
Areal | 7 215 km² | ||
Folketal | kring 70 (vinter); 110 (sommar) | ||
Oppdaga | februar 1772 | ||
• grunnlagd 1 | 1944 | ||
President | Emmanuel Macron | ||
![]() Kerguelen 49.25°S 69.166666666667°E / -49.25; 69.166666666667 | |||
Wikimedia Commons: Kerguelen Islands | |||
Hovudøya, Grande Terre, er 6 675 km² og er omgjeve av 300 mindre øyar og holmar, som dannar ei øygruppe på totalt 7 215 km². Klimaet er hardt og kjølig og vinden er ofte sterk året rundt. Medan sjøen kring øyane generelt er grov, er dei isfrie året rundt. Det er ingen flyplass p øyane, så all reise og transport til og frå øyane må gjerast til sjøs.