From Wikipedia, the free encyclopedia
Subantarktis er ein region på den sørlege halvkula, like nord for regionen Antarktis. Dette samsvarar om lag med breiddegradane mellom 46° og 60° sør for ekvator. Subantarktis omfattar mange øyar i dei sørlege områda av Indiahavet, Atlanterhavet og Stillehavet, særleg dei som ligg nord for Den antarktiske konvergensen. Subantarktiske isbrear ligg per definisjon på øyar i den subantarktiske regionen. Alle isbreane som ligg på kontinentet Antarktis er per definisjon rekna for å vere antarktiske isbrear.
Den subantarktiske regionen består av to geografiske sonar og tre særeigne frontar. Den nordlege grensa til Den subantarktiske regionen er den heller dårleg definerte subtropiske fronten (STF), òg kalla den subtropiske konvergensen. Sør for STF ligg ein geografiske sone kalla Den subantarktiske sonen (SAZ). Sør for SAZ ligg subantarktiske fronten (SAF). Sør for SAF ligg ein annan havsone kalla polarfrontsonen (PFZ). SAZ og PFZ dannar i lag Den subantarktiske regionen. Den sørlegaste grensa til polarfrontsonen (og derfor den sørlege grensa til Den subantarktiske regionen) er Den antarktiske konvergensen, som ligg kring 200 km sør for den antarktiske polarfronten (APF).[1]
Den subantarktiske fronten, som ligg mellom 48°S og 58°S i Indiahavet og Stillehavet og mellom 42°S og 48°S i Atlanterhavet, definerer den nordlege grensa til Sørishavsstraumen.[1] Sørishavsstraumen er den viktigaste havstraumen i Sørishavet, og den eianste straumen som renn fullstendig kring jorda. Han renn austover gjennom dei sørlege områda av Atlanterhavet, Indiahavet og Stillehavet og knyter saman desse tre elles fråskilde havområda. Han strekkjer seg frå havoverflata og ned til djupner på 2000-4000 meter, og har ei breidde på opp mot 2000 km. Sørishavsstraumen transporterer meir vatn enn nokon annan havstraum.[2] Sørishavsstraumen fører med seg opp mot 150 Sverdrup (150 millionar kubikkmeter per sekund), som svarar til 150 gonger vassvolumet i alle elvane i verda til saman.[3] Sørishavsstraumen og den globale termohaline sirkulasjonen påverkar i stor grad klimaet både i regionen og globalg, samt det biologiske mangfaldet i sjøen her.[4]
Ein annan faktor som medverkar til klimaet i Den subantarktiske regionen, men i mykje mindre grad enn den termohaline sirkulasjonen, er danninga av antarktisk botnvatn (ABW) av halotermal sirkulasjon. Den halotermale sirkulasjonen er den delen av den globale havsirkulasjonen som vert driven av tettleiksgradient skapt av overflatevarme og fordamping.
Fleire særeigne vassmassar konvergerer like i nærleiken av Den antarktiske konvergensen. Denne konvergensen skappar eit unikt miljø som er kjend for særs høg marin produktivitet, særleg for antarktisk krill. På grunn av dette vert alla landområda og farvatna sør for Den antarktiske konvergensen rekna for å høyre til Antarktis frå eit klimatologisk, biologisk og hydrologisk synspunkt. Teksten i Antarktistraktaten, pargraf 6 («Område dekte av traktaten») seier: «Avtalen gjeld for alle landområde og isbremmar sør for 60 grader 00 minuttar sør.»[5] Derfor vert Antarktis politisk sett definert som alle landområde og isbremmar sør for 60 °S breidde.
Tristan da Cunha-gruppa, Île Amsterdam, Île Saint-Paul og Gough Island er alle isolerte vulkanøyar som ligg mellom 37° - 40° sør for ekvator, like sør for dei sørlege hestebreiddene. Fordi dei ligg så langt nord for Den antarktiske konvergensen og har eit relativt temperert klima, vert dei som regel ikkje rekna med til dei subantarktiske øyane.
Mellom 46° og 50° sør for ekvator, i regionen som ofte vert kalla Roaring Forties (dei brølande vestavindane), ligg Crozetøyane, Prince Edwardøyane, Bountyøyane, Snaresøyane, Kerguelen, Antipodøyane og Aucklandøyane. Desse øyane, som alle ligg nær Den antarktiske konvergensen (om lag den nordlege grensa til Den subantarktiske regionen), vert rekna med til dei subantarktiske øyane.
Mellom 51° og 56° sør for ekvator, ligg Falklandsøyane, Estados-øya, Ildefonso-øyane, Diego Ramírez-øyane, og andre øyar knytte til Eldlandet og Kapp Horn. Desse ligg nord for Den antarktiske konvergensen i regionen som ofte vert kalla Furious Fifties (dei rasande vestavindane). I motsetnad til andre subantarktiske øyar, har desse øyane trevekst, tempererte grassletter (hovudsakleg tussokgress), og til og med dyrkbar mark. Dei har heller ikkje tundra eller permanent snø og is i lågareliggande område. Trass i at dei ligg langt sør, er det omdiskutert om desse øyane skal reknast med til dei subantarktiske øyane fordi klimaet og geografien skil seg så mykje frå andre subantarktiske øyar.
Mellom 52° og 57° sør for ekvator ligg Campbelløyane, Heard- og McDonaldøyane, Bouvetøya, Sør-Georgiaøyane, Macquarieøya og Sør-Sandwichøyane òg i Furious Fifties-beltet. Geografien på desse øyane er særprega av tundra, permafrost og vulkanar. Desse øyane ligg sør for Den antarktiske konvergensen, men nord for 60 °S (som er grensa til Antarktis i følgje Antarktistraktaten).[5] Så sjølv om dei ligg langt sør for Den antarktiske konvergensen, så vert dei likevel rekna som subantarktiske øyar fordi dei ligg nord for 60 °S.
Mellom 60° og 69° sør for ekvator finn ein Sør-Orknøyane, Sør-Shetlandsøyane, Ballenyøyane, Scott Island og Peter I Øy som alle er ordentlege antarktiske øyar av tre årsaker:
Med dette i tankane er dei subantarktiske øyane:
Øygruppe | Koordinatar[6][7] | Ocean[6] | Claimed by |
---|---|---|---|
Antipodøyane | 49°40′S 178°46′E | Stillehavet | New Zealand |
Aucklandøyane | 50°42′S 166°05′E | Stillehavet | New Zealand |
Bountyøyane | 47°45′S 179°03′E | Stillehavet | New Zealand |
Bouvetøya | 54°26′S 03°24′E | Atlanterhavet | Noreg |
Campbelløyane | 52°32′S 169°08′E | Stillehavet | New Zealand |
Crozetøyane (fransk Îles Crozet eller offisielt Archipel Crozet) | 46°25′S 51°59′E | Indiahavet | Frankrike |
Heard- og McDonaldøyane (HIMI) | 53°04′S 73°00′E | Indiahavet | Australia |
Kerguelen | 49°15′S 69°35′E | Indiahavet | Frankrike |
Macquarieøya | 54°38′S 158°52′E | Stillehavet | Australia |
Prince Edwardøyane | 46°46′S 37°51′E | Indiahavet | Sør-Afrika |
Sør-Georgiaøyane | 54°30′S 37°00′W | Atlanterhavet | Storbritannia |
Sør-Sandwichøyane | 57°30′S 27°00′W | Atlanterhavet | Storbritannia |
Snaresøyane | 48°01′S 166°32′E | Stillehavet | New Zealand |
Dette er ei liste over isbrear i subantarktis. Denne lista inneheld eit snøfelt (Murray snøfelt). Snøfelt er ikkje strengt tatt isbrear, men ein finn dei ofte i akkumulasjonssonen eller føre isbrear.[8] For denne lista er Antarktis definert som alle breidder sør for 60°.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.