Somme vassmassar er menneskeskapte (kunstige), som vassreservoar eller hamner, men dei fleste er naturlege landformer. Vassmassar som er farbare for båtar vert kalla vassvegar.
Merk at somme landformer som omfattar vatn ikkje vert rekna som vassmassar, som fossar og geysirar.
Havarm - òg sjøarm, vert stundom nytta om ein fjord eller fjordliknande vassmasse.
Arroyo - ein vanleg uttørka elveleie som stundom vert fylt med vatn etter kraftig regn, eller til somme tider av året.
Barachois - ein lagune skild frå havet av ein sandbanke.
Basseng, forskjellige små vassmassar som symjebasseng, tjern og liknande.
Bayou - ei saktegåande elv eller ein myrlendt innsjø.
Innløp - ein vassmasse, vanlegvis sjøvatn, som ei bukt, vik, estuar, fjord eller sund.
Innsjø - ei vassmasse, vanlegvis ferskvatn, på land.
Isbre - Ei stor samling is eller frosne elvar som langsamt strøymer ned frå eit fjell.
Geografisk kanal - den fysiske avgrensinga til ei elv eller eit sund som består av eit leie og ei breidde.
Kanal - ein menneskeskapt vassveg, vanlegvis mellom eksisterande innsjøar, elvar og hav.
Kil - ei lita elv
Kjelde - utgangspunktet til ei elv eller ein bekk. Ei elvekjelde kan stundom vere ei ile.
Kroksjø - ein U-forma innsjø danna når ein elv har skapt eit nytt løp i ein stor sving (meander), slik at svingen vert ein eigen innsjø.
Lagune - forholdsvis grunt salt- eller brakvatn som er skild frå det djupare havet av ein barriere som ein sandbanke, korallrev eller liknande. Barrieren kan ligge både over og under vatn.
Loch - ein vassmasse som innsjøar, bukter, fjordar eller estuar.
Subglasial innsjø - ein innsjø permanent dekt av is der vatnet er flytande på grunn av trykket frå isen over eller frå jordvarme under. Lake Vostok i Antarktis er eit døme.
Sump - våtmarksområde der vasspegelen står i høgd med, eller eit stykke over markoverflata.
Sund - ein smalare del av ein vassmasse, både i sjøen og i innsjøar, mellom to landmassar.