Geysir

From Wikipedia, the free encyclopedia

Geysir

Ein geysir er ei naturleg varm kjelde som periodisk har utbrot der varmt vatn og damp vert kasta høgt opp i lufta. Fenomenet er kalla opp etter geysiren GeysirIsland. Ordet tyder «gøyse», «strøyme» eller «sprute» på islandsk.

Thumb
Geysiren StrokkurIsland

Utbrota skuldast at grunnvatnet i underjordiske kanalar vert varma opp så mykje at det byrjar å koke. Dette skjer gjerne nær ei størkna smelte nede i djupna. Når dampen utviklar seg skjer det ei brå trykkavlasting i djupna, der vatnet vert støyta eksplosjonsaktig gjennom kanalane. Neste utbrot kjem først når grunnvatnet strøymer til i djupna og vert varma opp igjen.

Tida mellom utbrota kan variere frå nokre minutt til over ein månad, og sjølve utbrotet var gjerne berre nokre få minutt. Korleis utbrota utartar seg kan endre seg raskt, ofte i løpet av få år eller tiår. Dette kjem truleg av små endringar i temperaturtilhøve i dei djupare delane av geysiren.

Geysirar

Geysirar er sjeldne og eksisterer berre nokre få stader på jorda. Det er seks store geysirområde i verda: Island, Yellowstone nasjonalpark i USA, Taupo Volcanic ZoneNew Zealand, Kamtsjatka i Russland, El Tatio i Chile og Umnak Island i Alaska.

Tidlegare fanst det varme kjelder ytterlegare to stader i Nevada, kalla Beowawe og Steamboat Springs, men desse tok slutt i 1980-åra då eit nærliggende geotermisk kraftverk reduserte temperaturen og senka grunnvasspegelen.

Det finst fleire enkeltståande geysirar rundt om i verda, både i California, Peru, Bolivia, Mexico, Dominica, Asorane, Kenya og Japan, men ingen andre større klynger av geysirar.

Kjende geysirar

Meir informasjon Namn, Stad ...
NamnStadHøgdPeriodeKommentar
Store GeysirHaukadalurIslandCa. 10 m, tidlegare opp mot 80–100 mBerre etter jordskjelv
StrokkurHaukadalur på Island10–20 mca. kvart 10. minutt
SteamboatYellowstone nasjonalpark i USA70–120 mSjeldant (seinast 1991)
GrandYellowstone nasjonalpark i USA40–60 m8.-12. time
GiantYellowstone nasjonalpark i USA45–60 mSjeldant (sist 1994)
GiantessYellowstone nasjonalpark i USA20–55 mSjeldant (sist 1995)
Old FaithfulYellowstone nasjonalpark i USA30–55 mCa. kvart 75. minutt
WaimanguNew Zealandover 300 mIkkje lenger aktivTidlegare den høgaste geysiren i verda i perioden 1901-1905
PohutuNew Zealandca. 25 m15 gonger dagleg
Lukk

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Geysir

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.