From Wikipedia, the free encyclopedia
Hengebru eller hengjebru er ei bru hengd opp i kjettingar eller kablar som er spende ut mellom høge pilarar eller tårn.[1]
Dei opphavlege hengebruene var laga av berre tauverk og tre, utan avstivingsberar. Slike primitive hengebruer kan lett koma i svinging.[2] Dei er spende ut mellom to høge punkt og heng ned i ein boge mot midten. Moderne hengebruer er laga med avstivingsberarar, brubjelkar som er hengde opp i berekablar.[2] Medan berekablane bøyer seg ned, er sjølve brua flat eller stigande mot toppen.
Når ein byggjer ei moderne hengebru strekk ein først berekablane over tårna. Berekablane blir forankra i grunnen, til dømes ved å sprengast inn i berg, eller til ein annan massiv konstruksjon. Ein byrjar monteringa av brubanebjelken med midtseksjonen og fortset symmetrisk mot tårna på kvar side.[2]
Sidan tårna stort sett tar opp vertikale trykkrefter, og får god støtte frå hovudkablane, kan dei vera ganske slanke – som ved Severn-brua nær Bristol i England. Hengebruer har vanlegvis minst to tårn, men det finst også bruer med berre eitt tårn, til dømes Kjerringvikstraumen bru.[2]
Enkle hengebruer er kjende både frå Sør- og Sentral-Amerika, særleg knytt til Inkariket, og frå Himalaya-regionen. Svært enkle hengande taubruer kunne vera av tau eller lianar der ein gjekk på eitt tau og heldt seg i eitt eller to andre. Eit meir stabilt underlag fekk ein når ein la plankar oppå to kablar.[3]
I Tibet og Kina tok ein i bruk jernkablar til å laga hengebruer, med ei slik bru over Yangtze tidfest til 600-talet. Den tibetanske munken Thang Tong Gyalpo skal ha bygd fleire jernbruer på 1400-talet, som Chakzam-brua med eit berekna spenn på rundt 137 meter. Luding-brua i Sichuan frå 1703 har eit spenn på 100 meter og heng framleis.[4]
På 1800-talet byrja ein utvikla moderne hengebruer som kunne bera tyngre køyretøy. Jacob's Creek Bridge i Westmoreland County i Pennsylvania frå 1801 var den første slike brua i USA. Ho blei utforma av James Finley,[5] som tok patent på konstruksjonen i 1808.[6] Brua blei skadd i 1825 og erstatta av ei trebru i 1833.
I Storbritannia var tidlege suksessar Union-brua over Tweed-elva (1820) med eit spenn på 137 meter, og Menai-brua frå 1826 med eit spenn på 176 meter, «den første viktige moderne hengebruar».[7]
Ved å bruka ståltau som kablar kunne ein utvida spennet att. Brooklynbrua i New York frå 1870–83 har eit spenn på 486 meter.[2] Ho blei utforma av brupioneren John A. Roebling, som også bygde ei toetasjes bru over Niagara i 1855. Dette var den første verksame hengebrua for jernbane.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.