Storebæltbrua

From Wikipedia, the free encyclopedia

Storebæltbruamap
Remove ads

55°20′13.744″N 11°0′8.8704″E

Kjappe fakta Type, Stad ...
Remove ads

Storebæltbrua (dansk: Storebæltsbroen) er ei hengebru mellom dei danske øyane Sprogø og Sjælland. Brua er den austlegaste av dei to bruene på det 18 kilometer lange Storebæltsambandet mellom Fyn og Sjælland.

Brua er 6 790 meter lang. Det frie spennet er 1 624 meter, noko som gjer brua til verdas tredje lengste hengebru etter Akashi-Kaikyo-brua i Japan og Xihoumen-brua. På det høgaste er vegbanen ca. 70 m over vassflata, av omsyn til den internasjonale skipstrafikken i Storebælt. Pylonarane, som ber kablane til hengebrua, er 254 m høge. Med dette er dei mellom dei høgaste punkta i Danmark.

Det er berre vegtrafikk over brua, jarnbanen går i undersjøisk tunnel. Bygginga starta i 1989, og brua vart opna i juni 1998. Jarnbanen vart opna i 1997. Brua er bygd, eigd og drifta av selskapet Storebælt A/S. Årsdøgnstrafikken (ÅDT) var i 2004 ca. 24 000.

Remove ads

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Storebæltbrua
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads