![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e8/Birsay_colony.jpg/640px-Birsay_colony.jpg&w=640&q=50)
Fuglefjell
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fuglefjell er klipper med bratte fjellveggar som blir brukt til hekking av mange sjøfuglar. Fjellsider ved kysten kan vere erodert, slik at den øvste delen ragar lengre ut enn den nedste. For at fuglane skal bruke fjellet til reirbygging må det vere mange fjellhyller som er godt egna til reirplass. Eit fuglefjell vil ofte vere dominert av ein einskild fugleart. I ein koloni av fuglar ligg reira ofte veldig tett. Viss det er mange individ vil mange overleve fordi rovdyr, eksempelvis rovfugl, berre kan gjere eit lite innhogg på bestanden.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e8/Birsay_colony.jpg/640px-Birsay_colony.jpg)
Bestandar på fuglefjell kan gå kraftig tilbake dersom næringsgrunnlaget sviktar. Til dømes har Røst hatt ein nedgang på krykkje og lundefugl frå 1970-åra av, hovudsakleg knytt til mangel på fiskeyngel.[1] I 2020 var det ingen krykkjer att på Vedøya i Røst.[2] Plastavfall og nærgåande menneske kan også hindra fuglane frå å gjennomføra hekking.[3]