Remove ads
fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Havsule (Morus bassanus, før Sula bassana) er ein stor sjøfugl i sulefamilien.
Havsule | |
Havsule | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Havsule | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sulefuglar Suliformes |
Familie: | Sulefamilien Sulidae |
Slekt: | Morus |
Art: | Havsule M. bassanus |
Vitskapleg namn | |
Morus bassanus |
Havsula har torpedoforma kropp, lange smale venger og eit dolkeaktig nebb som er godt til å fanga fisk med. Den vaksne havsula kan bli opptil 87–100 cm lang og vega 2,5–3 kg. Vengespennet er 165–180 cm.
Fuglane er kvite med svarte fjører ytst på vengene. Under hekkinga får hovudet og nakken gulaktige fjører. Unge fuglar er svarte dei første åra, men blir gradvis kvitare til dei får vaksen farge etter fem år.
Havsula held til i Nord-Atlanteren og Middelhavet. Ho lever av fisk som ho speidar etter frå høgder opptil 45 meter over havet. Når ho jaktar kan ho stupa ned mot fisken i opptil 100 km/t.
Havsula er ein god symjar, den einaste fuglen som har symjehud mellom alle dei fire tærne.
Havsuler hekkar i tette koloniar i bratte klipper og skrentar. Dei hekkar første gongen når dei er mellom tre og fem år gamle.
Fuglemora legg eit enkelt kvitt, blåleg egg dekt av eit kalklag som delvis flassar av. Begge foreldra rugar. Ungfuglane dreg frå reiret når dei er omtrent tre månader gamle.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.