Herøy kommune er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Herøy grensar mot Sande i sørvest, mellom Gursken og Leikong på Gurskøy. Over Rovdefjorden i sør grensar Herøy mot Vanylven og Volda kommune. I aust går grensa mot Ulstein ved Dragsundbrua over til øya Hareidlandet. Ein person frå Herøy vert kalla ein herøyværing.
Herøy kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Fosnavåg | ||
Areal | 120 km² | ||
• land | 118 km² | ||
• vatn | 2 km² | ||
Folketal | 8 968 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Tine Storøy (H) | ||
Kommunenr. | 1515 | ||
Herøy kommune 62.355555555556°N 5.5444444444444°E | |||
Kart som viser Herøy kommune i Møre og Romsdal.
| |||
Wikimedia Commons: Herøy, Møre og Romsdal | |||
Nettstad: www.heroy.kommune.no | |||
Herøy har 8 353 innbyggjarar (2008). Kommunesenteret Fosnavåg ligg på Bergsøya, og har sidan 2000 hatt bystatus.
Geografi
Herøy er ein øykommune utan direkte fastlandstilknytning, men der bruer knyter saman alle øyane med busetnad. Han omfattar nordaustdelen av Gurskøya, som utgjer over halvparten av flatevidda til kommunen (68,5 km²) og øygruppa Sørøyane med mellom anna Leinøya (14,4 km²) og Bergsøya (7,6 km²). Andre mindre øyar er Nerlandsøya (14,6 km²), Skorpa (2,8 km²), Remøya (3,6 km²) og Herøya (0,2 km²).[1]
Øya Runde (6,2 km²) er kanskje den mest kjende staden i Herøy, både nasjonalt og internasjonalt. Rundefjellet er det sørlegaste fuglefjellet i Norden, det største sør for Røst, og med koloniar av mellom anna lundefugl. På Runde ligg Runde Miljøsenter som er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar.
Hurtigruta har Torvik på Leinøya som ein av dei faste stoppestadane.
Kultur og idrett
Herøy har to lokalaviser. Papiravisa Vestlandsnytt og nettavisa Herøynytt.
I Herøy er det tre kyrkjesokn Herøy, Indre Herøy og Leikanger, ei frikyrkje, ei pinsekyrkje og 13 bedehus.
Kyrkja har òg har hatt ein sterk posisjon i Herøy, noko som har ført til at mykje av kulturlivet har vore knytt opp mot kyrkjene og bedehusa. Spesielt etter andre verdskrigen byrja òg idretten å ta seg opp, og Bergsøy IL vart oppretta i 1944, Moldtustranda IL i 1950 og i 1974 Tjørvåg IL. Bortimot 10 % av ibuarane i kommunen er medlem i Bergsøy IL.
I 1982 stod Herøy kulturhus ferdig, eit fleirbruksbygg som gjorde det mogeleg å samle mykje av kulturaktivitetane under same tak, mellom anna teater, musikk, kino, kunstutstillingar og innandørsidrett. Med Herøyspelet Kongens Ring fekk kommunen sitt eige historiske spel i 1992, og i 2002 opna Jakobsenhuset dørene, ein arena for mindre og kanskje smalare kulturelle aktivitetar. I oktober 2014 vart Fosnavåg Konserthus opna.
I Fosnavåg vert det arrangert Maritim Sommarfestival, Makrellfestival og Pirfestival.
Forsking
Runde Miljøsenter
Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Miljøsenteret husar òg ei fugleutstilling og ei utstilling av gull- og sølvmyntar og andre gjenstandar frå Akerendamforliset. Sidan staden ligg i eit freda og svært sårbart naturområde, har bygget det fremste innan miljøteknologi, med fokus på miljøvenleg bygningsmateriale, energieffektivitet, vassparing og gjenbruk av eige avfall og avløpsvatn. I Miljøsenteret er det offentleg toalett.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for Herøy kommune frå 1900:
a Dette talet omfattar gardane Brekke, Seljeset og Skoge i Gurskedalen, som vart overført frå Herøy kommune til Sande kommune i 1964. Dette området hadde då 25 innbyggjarar. Talet omfattar òg Eiksund krins med øya Eika, som vart overført til Ulstein kommune i 1964. Dette området hadde då 222 innbyggjarar.
Kjende personar frå Herøy
- Olav Paulson (1822–1896), lærebokforfattar
- Bjarne Rabben (1907–2003), ferdatalar for fråhaldssaka, forfattar og historikar
- Per Sævik, skipsreiar og politikar (Kristeleg Folkeparti)
- Ragnar Thorseth (1948–), forfattar og eventyrar
- Trond Waage (1953–), pedagog og tidlegare barneombod
- Gerald Pettersen, skodespelar
- Lars Ivar Moldskred, fotballspelar
- Svein Møller (1958–1999), kantor og komponist
- Trude Teige (1960–), journalist og forfattar
- May-Britt Moser (1963–), psykolog og hjerneforskar
- Arnulf Goksøyr (1963–), politikar
- Laura Djupvik (1970–), journalist og forfattar
- Harald Thorseth (1950–), journalist, forfattar, omsetjar og lokalhistorikar
Sjå òg
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.