From Wikipedia, the free encyclopedia
Trond Waage (fødd 14. februar 1953) er ein norsk spesialpedagog. Sidan 2005 har han vore Senior Fellow ved UNICEF sitt internasjonale forskingssenter, UNICEF IRC i Firenze. Før dette var han barneombod.
Trond Waage | |||
Fødd | 14. februar 1953 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | UNICEF | ||
Yrke | embetsmann | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Verv | Barneombod 1996-2004 |
Waage har embetseksamen i spesialpedagogikk (cand.paed.spec.) frå Universitetet i Oslo. Frå 1980 til 1990 var han leiar for TV-avdelinga ved Institutt for spesialpedagogikk, Universitetet i Oslo/Spesiallærarhøgskulen. I perioden 1987–1991 hadde han oppdrag for UNICEF i Kina og Nord-Korea. Vidare var han rådgjevar i International Council for Distance Education (ICDE) frå 1990 til 1992 og forskingskoordinator i Childwatch International, eit internasjonalt nettverk for barneforsking, i perioden 1992–1996. Deretter vart han utnemnd til barneombud, ei stilling han hadde i to åremålsperiodar, frå 1996 til 2004.
Waage har hatt mange verv, hovudsakleg knytt til rettane til born:
Han har forska, publisert og forelese rundt temaa barndom i endring, moderne barndom, rettane til born og sjølvstendige menneskerettsinstitusjonar for born.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.