Demeter
From Wikipedia, the free encyclopedia
Demeter (gresk Δημήτηρ) er den olympiske gudinna for jordbruk i gresk mytologi, som har innverknad over avlinger, korn, mat og fruktbarheit på jorda. Ho blir òg kalla Deo (Δηώ Dēṓ).[1] Ho er dotter av Kronos og Rhea, og syster til Zevs, Hera, Hestia, Hades og Poseidon. Dottera hennar er Persefone, som blei kona til Hades. Kjenneteikna til Demeter er kornaks og fakkel. Det romerske motstykket hennar er Ceres.[2]
Demeter | |||
| |||
Opptrer i | Hades | ||
---|---|---|---|
Identifisert med | Ceres | ||
Andre namn | Δημήτηρ (/dɪˈmiːtər/, attisk Δημήτηρ Dēmḗtēr [dɛːmɛ́ːtɛːr]; dorisk Δαμάτηρ Dāmā́tēr) | ||
Mor | Rhea i mytologi | ||
Far | Kronos | ||
Sambuar | Carmanor, Zevs, Poseidon | ||
Barn | Persefone, Plutos, Amphitheus, Calligeneia, Arion, Despoina, Philomelus, Eubuleus, Chrysothemis, Dmia, Hekate |
Sjølv om Demeter er mest kjent som korngudinne, er ho òg knytt til helse, fødsel og ekteskap, og hadde samband med underverda.[3] I gresk tradisjon er Demeter det andre barnet til titanane Rhea og Kronos, og syster til Hestia, Hera, Hades, Poseidon og Zevs. Som dei andre syskena sine bortsett frå Zeus, blei ho slukt av far sin som spedbarn og seinare redda av Zevs.
Gjennom broren Zevs blei ho mor til Persefone, ei gudinne for grøde og gjenoppstanding.[4][5] Eit av dei best kjende homeriske hymna, Homerisk hymne til Demeter, fortel soga om at Persephone blei kidnappa av Hades og at Demeter leita etter ho. Då Hades, kongen i underverda, ville ta Persefone til kone, kidnappa han henne frå ei eng medan ho plukka blomar, med løyve frå Zevs. Demeter leita overalt for å finna dottera sin som var forsvunne utan å lukkast, før ho fekk beskjed om at Hades hadde ført henne til underverda. Som svar forsømte Demeter oppgåvene sine som jordbruksgudinne og dreiv jorda til ei dødeleg hungersnaud der ikkje noko ville veksa, slik at dei døyelege døydde. Zevs gav Hades ordre om å gje Persefone tilbake til mor si for å unngå katastrofen. Men fordi Persefone hadde ete mat i underverda, kunne ho ikkje bli hjå Demeter for alltid, men måtte dela året mellom mora og ektemannen. Soga forklarte årstidssyklusen sidan Demeter ikkje lèt plantane veksa medan Persefone er borte.
I dei eldste framstillingane av Demeter er ho ei gudinne for korn og tresking, men funksjonane hennar blei utvida utover desse felta, og ho blei ofte identifisert med jordgudinna, Gaia. Nokre av epiteta til Gaia og Demeter er like, noko som viser deI liknande identitetane deira. I dei fleste av mytane og kultane sine er Demeter ‘Kornmor’ eller ‘Jord-mor’. I dei eldre ktoniske kultane var jordgudinna knytt til underverda, og i dei hemmelege rita (mysteria) deler Demeter og Persefone den dobbe funksjonen død og fruktbarheit. Demeter er gjevaren av dei hemmelege ritane og gjevaren av lovene for korndyrking. Ho blei no og då identifisert med den store mora Rhea-Kybele som blei tilbeden på Kreta og i Vesle-Asia med med cymbal-musikk og valdelege ritar. Det verker som om valmuar var knytte til kulten til den store mora.
Demeter blei ofte sett på som den same figur som den anatolske gudinna Kybele, og ho blei identifisert med den romerske gudinna Ceres.