From Wikipedia, the free encyclopedia
Korn er grassortar med frø som kan etast, vanlegvis etter å ha blitt malne til mjøl eller gryn. Menneske har dyrka korn sidan steinalderen, og ein finn ulike foredla typar over heile verda.
Korn inneheld mykje fiber, protein, B-vitaminar og noko mindre E-vitamin, mineraler og umetta feittsyrer.
Fleire kornsortar voks fram i den fruktbare halvmånen i Midtausten. Her har ein gjort arkeologiske funn av eldgamle urkorn, som rug, emmer, einkorn og spelt, og nyare typar, som rug, bygg, havre og kveite.
I Afrika og Asia har ein dyrka sorghum, hirse og ris, ofte med avanserte vatningssystem for å dyrka fram det sistnemnde slaget. Ris er eit fruktbart kornslag, men treng helst eit varmt og fuktig klima. Hirsen spreidde seg lenger, både til tørrare stader i Afrika og kaldare stader i Europa. Teff også eit kornslag som er tilpassa afrikansk klima.
Mais stammar frå Mexico, der han blei foredla ved hjelp av kromosomdobling og målretta avl frå ein ellers nokså unyttig grasplante. Mais blei dyrka over store delar av Amerika, og nokre stader tilbedd som ein gud. I dag dyrkar ein mais over heile verda.
Kunnskapen om å dyrka korn kom til Skandinavia rundt år 3900 f.Kr.. Bygg og det kveite-aktige speltkornet var dei viktigaste kornsortane, medan bygg, kveite, rug og havre er det i dag.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.