Hungersnaud eller hungersnød er ein tilstand der mange svelter på grunn av matmangel. Det er ein type katastrofe der store lag av folket lir av underernæring og kan svelta i hel. Hungersnaud kan oppstå av ulike årsaker, både naturlege og menneskeskapte, ofte i samverknad.

Thumb
Hungersnaud frå Los Desatres de la Guerra av Francisco Goya frå 1810-åra.

Naturleg skapt hungersnaud heng saman med uår klima og vêrtilhøve som gjev dårlege avlingar, naturkatastrofar, skadedyr og liknande. Menneskeskapt hungersnaud kan koma av krig, fordriving, utarming eller overfolking.

Ein kan kjempa mot hungersnaud gjennom krisehandtering frå statleg hald eller hjelpeorganisasjonar eller ved å sikra jamn fordeling av matvarer. Økonomen Amartya Sen har påpeikt at hungersnauder vanlegvis finn stad under diktatur, kolonistyre eller krig, og at ingen fungerande demokrati har hatt hungersnaud i moderne tid.

Kjende hungersnauder

Bakgrunnsstoff

Spire Denne matartikkelen som har med økonomi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.