indisk økonom From Wikipedia, the free encyclopedia
Amartya Kumar Sen (fødd 3. november 1933) er ein indisk økonom fødd i Santiniketan i dåverande Britisk India, i dag i delstaten Vest-Bengal. Han er kjend for sine arbeid om hungersnaud, utviklingsteori, velferdsøkonomi, fattigdom og sine bidrag til politisk liberalisme. Sen vart i 1998 tildelt Sveriges Riksbanks økonomipris til minne om Alfred Nobel. Sidan 2004 har Amartya Sen vore professor ved Harvard University i USA.
I boka Poverty and Famines: An Essay on Entitlement and Deprivation, som kom ut i 1981, viser Sen at hungersnaud ikkje berre er eit spørsmål om mangel på mat, men også hinder for korleis mat vert fordelt. Sen si interesse for hungersnaud kom frå personlege erfaringar. Ni år gammal var han vitne til hungersnauda i Bengal i 1943, der tre millionar menneske svalt i hel. I boka viser Sen at det var nok mat i India under hungersnauda, men at fordelinga vart råka då grupper av landarbeidarar mista arbeidet og såleis mangla pengar til å kjøpe mat.
I undersøkinga av hungersnauda fokuserte Sen på «positiv fridom», ein persons høve til reelt å gjere noko, i staden for «negativ fridom» (som er vanleg i økonomi) og som einast ser på ikkje-innblanding. Under hungersnauda i Bengal vart ikkje den «negative fridomen» til å kjøpe mat råka. Landarbeidarane svalt ettersom dei ikkje hadde «positiv fridom» til å gjere noko med situasjonen.
Sen har ytt sitt for å utvide synet på omgrepet utvikling. I boka Development as Freedom frå 1999 hevdar Sen at utvikling må omfatte og oppfylle fleire former for fridom. Mellom anna fridomen til å overleve, den fridom der er få utdanning og sosial tryggleik samt politiske rettar. Sen er sterkt kritisk mot einast å sjå på og måle utvikling i veksten i brutto nasjonalprodukt.
Sens viktigaste bidrag til utviklingsøkonomi er omgrepet evne-tilgang («capability approach»), presentert i artikkelen «Equality of What». Han argumenterer for at regjeringar bør vert målt mot kva sjansar innbyggarane faktisk får. Til dømes har innbyggarane i USA ein teoretisk rett til å røyste ved val, men dette åleine er temmeleg meningslaust. Skal innbyggarane ha eit reelt høve til å røyste, må dei fyrst ha «funksjonalitet». Slik «funksjonalitet» kan variere frå det generelle; som tilgang til utdanning, til det spesielle; som transport til vallokalet. Fyrst når slike hinder er fjerna kan ein seie at innbyggarane kan velje fritt. Samfunnet må sikre at kvar enkelt innbyggars grunnleggande kapasitet vert oppnådd og oppretthalden.
I 2006 gav Sen ut boka Identity and Violence: The Illusion of Destiny. «Vald vert skapt», skriv han, «når dyktige agitatorar tvingar på godtrugne menneske einspora og aggressive identitetar». Sen hevdar at førestillinga om unike og gjevne identitetar er like mykje ein illusjon som ein stor fare. Førestillinga både forenklar menneske, og den skapar konfliktar og vald gjennom å setje "oss" mot "dei andre". Frå ei rad perspektiv kastar Sen lys over dei ofte øydeleggjande fylgjene av eit slikt menneskesyn. Han diskuterar både økonomisk globalisering, politisk multikulturalisme, postkolonialisme, religiøs fundamentalisme og global terrorisme. Å erkjenne dei komplekse identitetane til menneska, samt evna til å velje, er avgjerande for å finne løysingar på mange av dei valdelege konfliktane som pregar vår tid.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.