verdi av alt som vert produsert i eit land From Wikipedia, the free encyclopedia
Bruttonasjonalprodukt (BNP) er eit mål på verdien av alt som vert produsert i eit land. BNP omfattar verdiskapinga i all marknadsretta næringsverksemd. I tillegg kjem verdiskaping i offentleg forvalting, friviljuge organisasjonar og produksjon for eige bruk. BNP vert mange gonger nytta som eit mål på velstandsnivået i eit land.
BNP er gjev eit mål på samla verdiskaping i eit land, og gjev samstundes uttrykk for opptent bruttoinntekt frå innanlandsk produksjon. BNP tilsvarar forkortinga GDP på engelsk språk (gross domestic product). BNP kan definerast og avgjerast ut frå tre ulike hovudmetodar som vert kalla produksjonsmetoda (I), utgiftsmetoda (II) og inntektsmetoda (III). I fyrste metode kan storleiken «korreksjon for FISIM» alternativt inngå i produktinnsats, og i driftsresultat i tredje metode.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.