Ceres
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ceres var i romersk mytologi dotter av Saturn og Ops og var gudinne for fræve og jordbruk; særleg korn og gjennom dette brød. Ho var òg vernegudinne for morskjærleik.[1]
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Ceres (fleirtyding).
Ceres er den einaste av dei mange romerske gudane for grøde og jordbruk som var rekna til Dii Consentes, dei tolv hovudgudane. Ceres var opphavleg den sentrale guddommen i den såkalla plebeiiske eller aventinske triaden, saman med Liber og Libera. Ho blei seinare sett saman med dottera Proserpina i det romarane kalla «dei greske Ceres-ritene». Ho og dottera Prosephine blei rekna som motstykke til dei greske gudinnene Demeter og Persefone/Kore.[2][1]
Den sju dagar lange høgtida for Ceres i april, cerealia, omfatta dei populære Ceres-leikane, Ludi Ceriales. Ho blei også æra med lustratio på åkrane under ambarvalia i mai, ved innhaustinga og i samband med giftarmål og gravferder.