7. januar: To væpna menn tok seg inn i redaksjonslokala til det franske satirebladet Charlie Hebdo i Paris. Dei drap 12 menneske og såra ei rekkje andre.[8] Terroristane som stod bak åtaka forskansa seg 9. januar i Dammartin-en-Goële, der dei til slutt blei drepne av politiet i ei skotveksling.
I eit anna åtak i Paris blei ei politikvinne drepen. Terroristen som stod bak hadde band til åtakarane på Charlie Hebdo. 9. januar gjekk han til åtak på kasjrut-supermarknaden Hypercacher i Porte de Vincennes i Paris, drap fire personar og tok rundt 15 gislar. Også denne åtakaren blei drepen då politiet storma butikken.[9]
Ei bilbombe eksploderte nær politihøgskulen i Sanaa i Jemen. Minst 37 menneske blei drepne.[10]