svensk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Henning Mankell (3. februar 1948–5. oktober 2015) var ein svensk forfattar og teaterregisør. Med kriminalbokserien om politietterforskaren Kurt Wallander frå Ystad i Skåne har han vorte ein storselgande forfattar ikkje berre i Sverige og resten av Norden, men også internasjonalt. Han har m.a. vunne Glassnøkkelen 1992 for Mördare utan ansikte.
Henning Mankell | |
![]() | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 3. februar 1948 Stockholm |
Død |
5. oktober 2015 (67 år) |
Yrke | skribent, skodespelforfattar, barnebokforfattar, krimforfatter, manusforfattar, filmregissør, menneskerettsaktivist |
Språk | svensk |
Sjanger | Kriminalroman, Samfunnsroman, ungdomslitteratur, drama |
Far | Ivar Mankell |
Ektefelle | Eva Bergman |
Born | Jon Mankell |
Henning Mankell på Commons |
Han vart fødd i Stockholm, men voks opp i Härjedalen. Frå 1991 hadde han bustad i Maputo i Mosambik, og arbeidde der som teaterregisør og dramaturg. Han hadde også ein heim i Göteborg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.