Åarjelhsaemien Teatere AS, tidlegare Åarjelhsaemien Teatere (sørsamisk for 'sørsamisk teater'), er eit teater i Mo i RanaHelgeland i Nordland. Teateret deler lokale med Nordland Teater i Rådhusalleen 6 i Mo i Rana sentrum. Det blei skipa 1. januar 1985 av sørsamar frå Noreg og Sverige som ei amatørteatergruppe med eit sete i Mo i Rana og eit anna i Tärnaby i Storuman kommune i Västerbottens län.[2] I 2008 blei det delt inn i ein norsk og ein svensk del.[2] 9. september 2012 blei den norske delen omdanna til eit AS med Sametinget, Nordland fylkeskommune og Rana kommune som eigarar.[3]

Kjappe fakta Org.form, Org.nr. ...
Lukk

Teateret har som mål å synleggjera sørsamisk kultur og språk gjennom musikk og teaterkunst. Forsøk på å revitalisere det sørsamiske språket står sentralt i førestillingar for barn og unge.[4] I førestillinga Der Stjernan Bor (2010) fekk barn og unge delta i framføring av sørsamisk språk, tekstframføring, skodespelarteknikk og dans.[4] Familieførestillinga GON, som hadde premiere i mars 2009 i Tärnaby, og som blei vist under Vinterlysfestivalen i Mo i Rana i 2010, var berre på sørsamisk.[4] Det same gjaldt barneførestillinga Saajve Sijte.[4]

Teateret har produsert ein monolog om Elsa Laula Renberg, en «joikikal» om barnebokfiguren Plopp i 2016[5] og bidratt til førestillinga Tjidtjie - mamma i 2017.[6]

Teatersjef per 2022 er Kristin Solberg.[7]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.