From Wikipedia, the free encyclopedia
«Word on a Wing» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren David Bowie i 1976 for albumet Station to Station.
Word on a Wing Song av David Bowie frå albumet Station to Station | ||
Utgjeve | 23. januar 1976 | |
Innspelt | September–November 1975 | |
Sjanger | Blue-eyed soul, art rock | |
Lengd | 6:03 | |
Selskap | RCA | |
Komponist | David Bowie | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie, Harry Maslin | |
Bowie innrømde at songen vart skriven i ei kokain-forvirra spirituell fortviling som han opplevde under filminga av filmen The Man Who Fell To Earth. I 1980 snakka Bowie om songen til NME, og hevda «det var dagar med slik psykologisk terror under filminga av Roeg-filmen at eg starta å tilnærme meg fødd på ny-greia mi. Det var første gong eg verkeleg seriøst tenkte på Kristus og Gud i djupare grad, og 'Word on a Wing' var eit vern. Han kom som eit komplett opprør mot element som eg fann i filmen. Lidenskapen i songen var ekte...noko eg måtte skape frå inni meg sjølv forå verne meg mot nokre av situasjonane eg følte skjedde på filmsettet.»
På tida under innspelinga byrja Bowie å gå med eit krusifiks i sølv, som han heldt fram å gå med. Trass i at han i teksten hevdar at han 'trying hard to fit among your scheme of things' (prøver hard å passe inn i verdsordenen din) ser Bowie ut til å vere mistenksam mot å ha blind tru med tanke på religion, og seier 'just because I believe don't mean I don't think as well, don't have to question everything in heaven or hell' (berre fordi eg trur, betyr det ikkje at eg ikkje tenkjer òg, treng ikkje stille spørsmål om alt mellom himmel og jord). Denne mistanken ser ut til å stå i strid med meininga Bowie hadde under innspelinga av «Golden Years», der han seier 'I believe all the way' (eg trur heile vegen). Bowie innrømde seinare at «det var eit punkt der eg nesten vart lurt inn i det snevre synet ... å finne krossen som ei frelse for menneskeheita rundt Roeg-perioden»
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.